Stendhalsyndromet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Stendhalsyndromet (uttalt: «Standallsyndromet») er ein akutt psykosomatisk reaksjon som råka folk på vitjing i byen Firenze i Italia som fylgje av dei sterke inntrykka dei fekk av kunsten og arkitekturen i byen. Syndromet har fått namn etter den franske forfattaren Stendhal, som i boka Rome, Naples et Florence (Roma, Napoli, Firenze) frå 1817 skildra syndromet for fyrste gongen ved å fortelje at han hadde fått hjerteklapp og vorte svimmel etter å ha sett Basilica di Santa Croce (Den heilage krossens basilika) i Firenze.

Men sjølve omgrepet, Stendhalsyndromet, vart ikkje introdusert før i 1989 ved at den italienske psykiateren Graziella Magherini i boka La sindrome di Stendhal gjorde greie for at turistar i 106 høve i perioden 1977-1986 hadde vorte lagt inn på sjukehus av di dei hadde vorte forvirra, svimle, fått auka hjarterytme og i somme høve hallusinasjonar som fylgje av det inntrykket florentinsk kunst hadde gjort på dem.

Stendhalsyndromet er ikkje godkjent innanfor DSM-systemet (Diagnostic and Statistical Manual of mental disorders), eit klassifikasjonssystem for psykiske lidingar som den USA-amerikanske psykiaterforeininga har publisert.

Stad- og kulturbundne diagnosar av tilsvarande art som Stendhalsyndromet er Jerusalemsyndromet knytt til opplevingar i byen Jerusalem og Parissyndromet knytt til opplevingar i byen Paris.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Magherini, Graziella: La sindrome di Stendhal, 2. utgåva. Firenze 1995: Ponte alle Grazie. ISBN 8879283081