Stenka Rasin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Stenka Rasin
Stiepan Riazin.jpg
Verkeleg namn Степан (Стенька) Тимофеевич Разин
Fødd 1630
Don
Død

6. juni 1671
Moskva

Stenka Rasin på Commons
Stenka Rasin på Kaspihavet. Måleri av Vasilij Surikov.

Stepan (Stenka) Timofejevitsj Razin, i Noreg mest kjend som Stenka Rasin {{levde-luafødd 1630, død 16. juni 1671 i Moskva}} var ein russisk kosakkleiar som leidde eit opprør mot adelen og tsaren i det sørlege Russland.

Opprøret til kosakkane 1670-71[endre | endre wikiteksten]

Russlands lange krig mot Sverige og Polen på 1500- og 1600-talet førte til tunge skattebyrdar og tvangsrekrutteringar til den russiske hæren. Difor rømde mange bønder sørover for å slutta seg til kosakkane.

Det var lett å rekruttera bønder som heilt var utan rettar under livegenskapet med lovnader om likestilling. I Astrakhan vart det utropt ein kosakkrepublikk etter blodige strider. Opprøra heldt fram i over eit år og den russiske hæren vart nøydd til å overvinna kosakkane åtte gonger på slagmarka før uroa slutta. Til slutt var det kosakkane sine interne stridar som førte til nederlaget deira. Stenka Razin og hans bror Frol vart tekne til fange i 1671. Dei vart grusomt torturerte og vart til slutt hakka i bitar på Den raude plassen i Moskva.

Song[endre | endre wikiteksten]

Stenka Razin er helten i ein populær russisk folkesong (tekstforfattaren er Dmitrij Sadovnikov (Дмитрий Николаевич Садовников), men melodien er tradisjonell), betre kjent i Russland som «Volga, Volga mat' rodnaya» («Volga, Volga, mora til fødelandet»). Songen vart dramatisert i 1908 i den aller første russiske langfilmen, Ponisovaja Volnitsa, regissert av Vasilij Gonsjarov. Melodien har òg vorte brukt til drikkeviser, m.a. den studentikose «Upp på väggen går ein gädda», frå Åbo Akademi.

Tom Springfield skreiv ei engelsk tekst til den og gav den tittelen «The Carnival is Over». Den vart ein slager for den australske gruppa The Seekers i 1965, som avslutta konsertane sina med den.

C.C. Bøyesen har skrive ei norsk tekst. På norsk berar den tittelen «Heimlaus». Songen vart spelt inn av Jan Høiland med Carsten Kloumans orkester 4. desember 1961. Arr.: C. Klouman. Den vart utgjeven på singlen Columbia 45GN 1698.

Visa er òg spelt inn på norsk på albumet Fram frå Glemselen kap. 8 med Helge Borglund.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Broom icon.png Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask, som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt.