Stenkunst Hvaler

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

StenKunstHvaler er ei permanent utandørs skulpturutstilling på den sørlege luten av Røsshue på Kirkøy i Hvaler kommune, skipa av Hvaler Kunstforening i samarbeid med Hvaler Rotaryklubb, og med stønad og bistand frå Hvaler kommune, Østfold fylkeskommune, grunneigaren Oslofjordens Friluftsråd, og med bidrag frå næringsliv og einskildpersonar.

Røsshue inngår i Ytre Hvaler nasjonalpark, og miljøvernavdelinga hjå fylkesmannen i Østfold gav i 2004 rammeløyve til å plassere fem kunstverk her. Dette skulle mellom anna vere ei markering og vidareføring av den sterke lokalhistoriske tradisjonen som steinhoggarverksemda utgjorde på Hvaler på 1800- og 1900-talet. Det femte og siste kunstverket som vart oppsett, var Gunn Harbitz' «Gul Lophelia», avduka 5. september 2009 under opninga av nasjonalparken.

Kunstnarane som er representert med kvart sitt verk på Røsshue er:

  • 2005 - Allesandro Stenico frå Italia
  • 2006 - Makoto Fujiwara frå Japan
  • 2007 - Vegard Hanve frå Noreg. Vegard Hanve har vore Hvaler Kunstforenings tekniske konsulent og samarbeidspartner med kunstnarane.
  • 2008 - Ann Carlsson Korneev frå Sverige
  • 2009 - Gunn Harbitz frå Noreg

Kjelder[endre | endre wikiteksten]