Hopp til innhald

Stephan Sinding

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stephan Sinding

StatsborgarskapNoreg, Kongeriket Danmark
Fødd4. august 1846
Trondhjem
Død

23. januar 1922 (75 år)
Paris, Boulevard du Montparnasse

Yrkebilethoggar, professor
Medlem avSociété des Artistes Français[*]
FarMatthias Wilhelm Sinding
EktefelleAnna Elga Augusta Betzonich
Signatur
Stephan Sinding på Commons

Stephan Abel Sinding (4. august 184623. januar 1922) var ein norsk-dansk bilethoggar fødd i Trondheim. Han var bror av toneskaparen Christian Sinding og kunstmålaren Otto Sinding.

Liv og gjerning

[endre | endre wikiteksten]
Ole Bull-statuen (1901) i Bergen

Sinding studerte jus og filosofi ved universitetet i Christiania frå 1865. Interessa for kunst førte til at han 1870-72 gjekk på Den kongelige Tegneskole i same byen. I 1872 reiste han til Berlin, der han var elev hos seinklassisisten Albert Wolff fram til vinteren 1874. Derifrå la han turen innom Paris og London.

Gjennombrotet kom i 1882 med Barbarkvinde bærer sin dræbte søn bort fra slaget, eit verk den danske, rike bryggerieigaren Carl Jacobsen kjøpte. Sidan kom Jacobsen til å kjøpe opp ein stor del av Sindings seinare arbeid.

Åra 1880-83 budde Sinding i Roma. Han busette seg så i København og vart dansk statsborgar i 1890. Til opninga av det norske Nationaltheatret i 1899 laga han statuane av Bjørnstjerne Bjørnson og Henrik Ibsen. Hovudverket er likevel Moder Jord frå 1900, det står utstilt ved Ny Carlsberg Glyptotek i København.

Frå 1910 budde Sinding i Paris. Dei siste åra av livet modellerte han falne frå den første verdskrigen, som hadde prega han sterk.[1] Han gav ut sjølvbiografien En billedhuggers liv i 1921, året før han døydde. Han døydde i Paris vart gravlagd på Père Lachaise-kyrkjegarden.

Utvalde verk

[endre | endre wikiteksten]
  • Vølund smed, 1873
  • Hylas, ca. 1880
  • Slaven, 1878
  • Frise, 1891
  • Enken, 1892
  • Henrik Ibsen, 1899
  • Bjørnstjerne Bjørnson, 1899
  • Moder Jord, 1900
  • Ole Bull, 1901
  • Valkyrjen, 1908
  • Angelus, 1913
  • L'Offrande, 1918

Bibliografi

[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Stephan Sinding
  1. Stephan Abel Sinding i Norsk kunstnerleksikon.