Stephanie Graf

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stephanie Graf


Statsborgarskap Austerrike
Fødd 26. april 1973 (50 år)
Klagenfurt
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2000

Utmerkingar

ærestegn i sølv av Ærestegnet for fortjenester

Stephanie Graf (fødd 26. april 1973) er ein austerriksk tidlegare mellomdistanseløpar frå Klagenfurt. Ho tok sølvmedaljen på 800 meter både i Sommar-OL 2000 og VM 2001.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Graf sprang inn til bronsemedalje på 800 meter ved europameisterskapen 1998. Året etter vart ho nummer sju i VM-finalen på personleg rekord 1.57,92. Under Sommar-OL 2000 i Sydney presterte ho livsbeste då ho sikra seg sølvmedaljen på tida 1.56,64. Både i OL-finalen og det komande innandørs-VM 2001 i Lisboa måtte ho sjå seg klart slått av Maria Mutola. Også i VM-finalen 2001 i Edmonton enda Graf på sølvplass, fattige tre hundredels sekund attom Mutola. Ved innandørs-VM 2003 i Birmingham fekk Graf eit nytt sølv, då slått med eit knapt halvsekund av Mutola.

Doping[endre | endre wikiteksten]

I 2010, sju år etter ho la opp, vart Graf dømd til to år utestenging frå idrett, grunna opplysningar om involvering i bruk av blodplasma.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]