Stephen Appiah
|
| |||
| Personleg informasjon | |||
|---|---|---|---|
| Fødd | 24. desember 1980 | ||
| Fødestad | Accra i Ghana | ||
| Høgd | 178 cm | ||
| Posisjon | Midtbanespelar | ||
| Klubbinformasjon | |||
Noverande lag | Bologna | ||
| Nummer | 4 | ||
| Seniorkarriere* | |||
| År | Lag | Kampar (Mål) | |
| 1995-97 1997-2000 2000-03 2002-03 2003-05 2005-08 2009- |
|
21 (19) 36 (0) 29 (0) 31 (7) 48 (3) 64 (11) 0 (0) | |
| Landslag | |||
| 1996- |
| 56 (14) | |
| * Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga | |||
Stephen Appiah, (fødd 24. desember 1980 i Accra) er ein ghanesisk fotballspelar som spelar på midtbanen for Bologna i italiensk Serie A, og for det ghanesiske landslaget.
Appiah har spelt for fleire klubbar i Italia sidan han drog til Udinese i 1997. I 2005 var han med på å vinna italiensk Serie A med Juventus. Frå 2005 til 2008 spelte han for Fenerbahçe i Tyrkia, der han var med på å vinna den tyrkiske ligaen i 2007.
I 2007 og 2008 var Appiah plaga av ein langvarig kneskade. Han drog frå Fenerbahçe i juni 2008, og var utan klubb fram til november 2009, då han skreiv under for Bologna. Sjølv om han var utan klubb var han også i denne perioden fast på det ghanesiske landslaget, og spelte i kvalifiseringskampane då Ghana kvalifiserte seg til fotball-VM i 2010.