Stephen Kiprotich

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Stephen Kiprotich

Stephen Kiprotich at the London 2012 Men's Olympic Marathon, 12 August 2012-2.jpg

Statsborgarskap Uganda
Fødd 27. februar 1989
Kapchorwa
Idrett friidrett
Yrke langdistanseløpar, maratonløpar, friidrettsutøvar

Stephen Kiprotich (fødd 27. februar 1989) er ein ugandisk langdistanseløpar som i 2012 vart olympisk meister og i 2013 verdsmeister i maratonløping.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Stephen Kiprotich under eit halvmaraton i Paris i 2014.

Sommaren 2010 sette Kiprotich personleg rekord på 10 000 meter med tida 27.58.0. Om hausten same året vart han femtemann i Fjelløp-VM i Kamnik i Slovenia. I 2011 kom han på sjetteplass individuelt i VM i terrengløp i Punta Umbría i Spania og vann bronse i lag med det ugandiske mannskapet. Noko seinare i sesongen debuterte han i maratonløp i Enschede i Nederland, der han sprang inn til siger på den gode tida 2.07.20. I VM 2011 i Daegu vart han nummer ni i maraton.

Seinvinteren 2012 kom Kiprotich på tredjeplass i Tokyo maraton. Eit knapt halvår etter sikra han seg gullmedaljen i maraton under Sommar-OL 2012 i London. På ein heit dag med høg luftfukt kom han der i mål på tida 2.08.01. Medaljen var den fyrste til Uganda i olympiske leikar sidan 1996, og den fyrste i gull etter hekkeløparen John Akii-Bua vart historisk i 1972. Året etter vann Kiprotich også maratonløpet i Friidretts-VM i Moskva. I 2015 stod han for ugandisk bestenotering med 2.06.33 då han vart andremann i Tokyo maraton, medan han Beijing-VM enda på sjetteplass på distansen.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]