Stephen Stills av Stephen Stills

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Stephen Stills
Studioalbum av Stephen Stills
Utgjeve 16. november 1970 (USA)
27. november 1970 (Storbritannia)
Innspelt Juni og juli 1970
Studio Island Studios i London; The Record Plant i Los Angeles; Wally Heider Studios i Los Angeles
Sjanger
Lengd 38:56
Selskap Atlantic
Produsent Stephen Stills, Bill Halverson
Stephen Stills-kronologi
Super Session
(1968)
Stephen Stills Stephen Stills 2
(1971)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar half.svg [1]
Robert Christgau(C+)[2]

Stephen Stills er det første soloalbumet til den amerikanske musikaren Stephen Stills gjeve ut på Atlantic Records i 1970. Det er eit av fire høgprofilerte album som kvart av medlemmane i Crosby, Stills, Nash & Young gav ut i 1970 etter albumet Déjà Vu. Stills dediserte albumet til Jimi Hendrix, som døydde to månader før albumet kom ut i butikkane.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Stills har med seg ei lang rekkje kjende gjestemusikarar, inkludert John Sebastian, David Crosby og Graham Nash, som medverka med vokal. Ringo Starr speler trommer på to songar under pseudonymet «Richie»,[3] som han òg brukte då han spelte på albumet London Sessions av Howlin' Wolf, som vart spelt inn i England same året. I tillegg spelar både Eric Clapton og Jimi Hendrix gitar på kvar sin song, så dette er det einaste albumet der begge desse to gitaristane deltek på.

Songen «We Are Not Helpless» vart feilaktig trudd å vere eit svar til Neil Young-songen «Helpless» frå Déjà Vu.[4] «Love the One You're With» er den største hitten Stills har hatt som soloartist, og nådde 14. plassen på Billboard Hot 100 den 19. desember 1970, og ein annan singel frå albumet, «Sit Yourself Down», nådde 37. plassen i mars 1971.[5]

Albumet nådde tredjeplassen på Billboard Top Pop Albums-lista[6] den første veka av 1971. Det kom ut på ny på WEA etter å ha blitt digitalt nymastra i 1995.

«We Are Not Helpless» og «Love the One You're With» vart først framført på konsert den 12. mai 1970 under Déjà Vu-turneen til Crosby, Stills, Nash & Young. I 2009 gav Crosby, Stills, & Nash ut Demos med ein tidleg demoversjon av «Love the One You're With».

Meldingane for albumet var blanda. Ed Ward skreiv i Rolling Stone då albumet kom ut at han følte albumet hadde ein «unnvikande» kvalitet, og sjølv om han ikkje mislikte albumet, og likte delar av det, meint han at det mangla noko «kjøt på beinet».[7]

I ei nyare melding kalla Allmusic albumet «ei måpande oppleving» som var nesten like bra som Crosby, Stills & Nash og Déjà Vu[1]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Stephen Stills. 

Side ein
# Tittel Lengd
1. «Love the One You're With»   3:04
2. «Do for the Others»   2:52
3. «Church (Part of Someone)»   4:05
4. «Old Times Good Times»   3:39
5. «Go Back Home»   5:54
Side to
# Tittel Lengd
1. «Sit Yourself Down»   3:05
2. «To a Flame»   3:08
3. «Black Queen»   5:26
4. «Cherokee»   3:23
5. «We Are Not Helpless»   4:20

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Eder, Bruce. Stephen Stills av Stephen StillsAllmusic. Henta 13. januar 2019.
  2. Christgau, Robert. «Stephen Stills > Consumer Guide Reviews». Robert Christgau. Henta 13. januar 2019. 
  3. Castleman, Harry; Podrazik, Walter J. (1977). All Together Now – The First Complete Beatles Discography 1961–1975 (Second utg.). New York: Ballantine Books. s. 93. ISBN 0-345-25680-8. 
  4. Rogan, Johnny (2001). Neil Young : Zero to Sixty : A Critical Biography (2 utg.). London: Calidore Books. s. 267. ISBN 978-0952954040. 
  5. Stephen Stills av Stephen StillsAllmusic. Henta 13. januar 2019.
  6. Stephen Stills av Stephen StillsAllmusic. Henta 13. januar 2019.
  7. Ed Ward (7. januar 1971). «Stephen Stills Stephen Stills > Album Review». Rolling Stone (74). Arkivert frå originalen Mal:Date. Henta 13. januar 2019.