Hopp til innhald

Stephen W. Tayler

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stephen W Tayler
Fødd1953 (71 år)
FødestadBuckinghamshire i Storbritannia
FødenamnStephen William Tayler
OpphavStorbritannia
Aktiv1974 til i dag
Instrumentgitarar, klaverinstrument, treblåseinstrument, elektronikk
Verka somlydteknikar, miksar, produsent, musikar, komponist, digital artist

Stephen Tayler er ein lydteknikar, plateprodusent, musikar, låtskrivar og lyddesignar som har arbeidd for mange artistar, som Kate Bush, Suzanne Vega, Peter Gabriel, Underworld, Duncan Sheik, Howard Jones, Stevie Nicks, Milla Jovovich, Rush, Bob Geldof, Rupert Hine og Tina Turner. Tayler har arbeidd tett med produsenten, filmskaparen og artisten Sadia Sadia. Etter å ha starta med analoge teknikkar på lydband, byrha han tidleg å ta i bruk syntetisk og digital teknologi.

Tayler gjekk gradene i Trident Studios i London, frå å lage te til assisterande lydteknikar, og i løpet av to år vart han ein av lydteknikarane ved studioet. Her arbeide han på album med Tommy Bolin,[1] Bill Bruford, UK, Rod Argent, Claude Francois, Brand X og Peter Gabriel i tillegg til mange andre. Etter to år til hadde han blitt sjefslydteknikar ved Trident. Etter kvart som disco-bølgja velta over Europa, fann Tayler ut at det byrja å bli for keisamt, og han slutta for å søke etter nye utfordringar.

Kort tid etter vart han introdusert for produsenten Rupert Hine, som han stundom hadde arbeidd for ved Trident. I lag arbeidde dei på album for The Fixx, Chris de Burgh, Saga, Howard Jones, Tina Turner, Jonah Lewie, Thompson Twins, The Waterboys, Underworld og Bob Geldof.

Tayler arbeidde òg med The Lords of the New Church, Jethro Tull, Trooper, Frozen Ghost, David Wilcox med produsenten Sadia Sadia, Honeymoon Suite, The Proclaimers, Judie Tzuke og T’Pau, og mange fleire.

Tayler og Hine byrja å reise internasjonalt seint i 1980-åra og arbeidde med artistar som Stevie Nicks i USA og Rush[2] i Canada.

I 1990 reiste han verda rundt i lag med Rupert Hine for BBC-produksjonen One World One Voice som gjorde innspelingar og filma over 400 musikarar. Ved å strekkje studioteknologien så langt som det var mogeleg på den tida, var Tayler med på å skape ein musikalsk collage for ein times TV-program, regissert av Kevin Godley. Artistane som var med på prosjektet var mellom andre Sting, Lou Reed, Dave Stewart, Suzanne Vega, Chrissie Hynde, Joe Strummer, The Kodo Drummers, Leningrad symfoniorkester, Wayne Shorter, Salif Keita, Eddy Grant og mange fleire.

I 1990-åra arbeidde Tayler som lydteknikar for Duncan Sheik, Milla Jovovich og Katey Sagal, og fortsette å arbeide med Bob Geldof[3][4] og Rush[5] med fleire album for begge desse artistane. I 2000-åra fortsette Tayler å arbeide med Hine og Sadia Sadia.

I 2010 miksa Tayler dei fleste songane for det første nye albumet til Kate Bush på seks år, Director's Cut og i 2011 miksa han heile albumet hennar, 50 Words for Snow.[6]

Utvald diskografi

[endre | endre wikiteksten]

2000 til i dag

[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]