Hopp til innhald

Steppemåse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Steppemåse
Steppemåse
Steppemåse
Utbreiing
Utbreiinga av Steppemåse
Utbreiinga av Steppemåse
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes
Familie: Måsefamilien Laridae
Slekt: Ichthyaetus
Art: Steppemåse I. ichthyaetus
Vitskapleg namn
Ichthyaetus ichthyaetus

Steppemåse (Ichthyaetus ichthyaetus) er ein stor art i måsefamilien som hekkar i halvørkenar og stepper i Sentral-Asia. Arten overvintrar hovudsakleg i Sør-Asia og på Den arabiske halvøya. I Mellom-Europa er steppemåsen ein sjeldan streiffugl.

Det vitskaplege namnet kjem frå gamalgresk ἰχθύς (ikhthús), som betyr «fisk», og ἀετός (aetós), som betyr «ørn».[1]

Steppemåsen er med ei kroppslengd på 58–67 cm og eit vengespenn på 146–162 cm marginalt større enn gråmåse (Larus argentatus), men verkar slankare og meir langvenga.[2] Panna er flatt hellande, noko som gjev fuglen eit karakteristisk profil. Kroppsvekta varierer i området 900 til 2000 gram,[3] hannfuglar veg i gjennomsnitt ca. 30 % meir enn hoer.[4]

I praktdrakt har arten svart hovud med smale kvite flekkar over og under auga. Rygg og øvre vengedekkjefjør er lysgrå, medan resten av kroppen og stjerten er kvit. Armsvingfjørene er lysgrå med breie kvite kantar, og handsvingfjørene er sølvkvite med smale svarte band nær spissen. Nebbet er trefarga: mørkegult ved basen, så eit smalt svart band, vidare eit raudt band, og til slutt ein gul spiss. Iris er mørk, og beina er gule.

I vinterdrakt er berre området kring auga, issa og bakhovudet diffus mørkleg farga, og det raude nebbandet manglar.

Ungfuglar har brunaktig hovud og øvre bryst, kvite augeklammer og brune, skjelforma mønster på rygg og øvre vengedekkjefjør. Stjerten er kvit med breitt svart endeband. Nebbet er rosaaktig med svart spiss, og beina er grårosa. Fuglane får full vaksen fjørdrakt etter om lag fire år.[3]

Vanlegaste lokkeropet er eit djupt, hest «kræ-æh», medan paringskallet er eit jamrande, gjenteke «kjauu-kjauu-kjauu», ikkje ulikt sildemåsar.[2]

Utbreiing og leveområde

[endre | endre wikiteksten]

Steppemåsen finst i Sentral-Asia, frå Kaspihavet og Aralsjøen austover til Nordvest-Kina og Vest-Mongolia. Nokre hekkeførekomstar finst òg så langt vest som Krimhalvøya og nordaust for Volgograd.

Arten hekkar ved brakkvasslagunar og saltsjøar i steppe- og halvørkenområde, som oftast i låglandet, men òg i fjelldalar i Tian Shan- og Altajfjella opp til 1600–1700 moh. Under trekket og i vinterhalvåret held fuglane seg hovudsakleg langs kystar, sjeldnare ved store innsjøar og elvar.

Trekk

Steppemåsen er ein trekkfugl. Utflytting frå hekkeområda byrjar tidleg i oktober. Nokre individ overvintrar ved vestre Kaspihavet, men hovuddelen av bestanden held til i eit område frå sørvestlege Myanmar via Sri Lanka, Bangladesh over Det nordindiske låglandet til Pakistan, Persiabukta og Raudehavet til søraustlege Middelhavet.[3]

I Mellom-Europa er arten ein sjeldan streiffugl, vanlegvis einslege individ.[2] Det finst ein godkjent registrering i Oslo i 2014 og ein i Finnmark i 2025.[5]

Steppemåsen lever hovudsakleg av fisk, som han fangar ved stupdykk frå låge sveveflygingar, men et òg daud eller svekka fisk. I hekkekoloniane i steppeområda utgjer gnagarar stundom den viktigaste føda. Fuglen tek òg mindre fuglar, egg, krypdyr, insektsvermar og fiskeavfall.[3]

Om vinteren kan steppemåsen opptre som kleptoparasitt, der han prøver å stjele bytte frå rovterne, mindre måsar, sothøne og dukkarar. I motsetnad til mange andre store måseartar søkjer han sjeldan til søppelfyllingar.

Forplanting

[endre | endre wikiteksten]

Steppemåsen hekkar som regel i koloniar på 70 til 3000 par. Desse ligg nesten alltid på små, vegetasjonslause øyar langt frå land, utilgjengelege for rovdyr. Reira ligg tett, berre 40 cm frå kvarandre i sentrum, men opptil ein til fem meter i periferien,[3] og kan vere alt frå ei enkel grop til ein liten haug av gras og saltplanter.[4]

Egglegging skjer frå tidleg i april til midten av mai, avhengig av området. Vanleg kullstorleik er to egg, sjeldnare eitt eller tre. Begge foreldra ruger, men hoa tek den største delen av ruginga, som varer ca. 25 dagar. Ungane blir flygedyktige etter kring 45 dagar. Steppemåsar byrjar hekking fire eller fem år gamle.[3]

Bestand og vern

[endre | endre wikiteksten]

I følgje IUCN vart verdspopulasjonen i 2015 estimert til 125 000–1,1 millionar individ. Bestanden var trudd å vere aukande i 2015. Arten er difor vurdert som livskraftig (Least Concern).[6]

Referansar
  1. Jobling, James A (2010). The Helm Dictionary of Scientific Bird Names. London: Christopher Helm. s. 224. ISBN 978-1-4081-2501-4.
  2. 1 2 3 Svensson, Lars (2004). Gyldendals store fugleguide. Oslo: Gyldendal fakta. s. 176. ISBN 8205329869.
  3. 1 2 3 4 5 6 Burger, J.; Gochfeld, M.; de Juana, E.; Garcia, E.; Kirwan, G. M. (2020). del Hoyo, J.; Elliott, A.; Sargatal, J.; Christie, D. A.; de Juana, E., red. «Pallas's Gull (Ichthyaetus ichthyaetus), version 1.0». Birds of the World Online. Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY. doi:10.2173/bow.gbhgul2.01.
  4. 1 2 Panov, Evgeniy N (2009). «The social and communication behaviour of the Great Black-headed Gull». British Birds 102: 72.
  5. «Artsobservasjoner - rapportsystem for arter i Norge». Henta 9. oktober 2025.
  6. Butchart, S.; Symes, A. (2018). «Larus ichthyaetus». IUCN Red List of Threatened Species 2018. doi:10.2305/IUCN.UK.2018-2.RLTS.T22694379A132546308.en. Henta 9. oktober 2025.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Steppemåse