Stereomikroskop

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Optikk i moderne stereomikroskop.
A – Objektiv
B – Galileisk teleskop (roterande objektivholder)
C – Vender for val av forstørring
D – Interne objektiv
E – Prisme
F – Feltlinser eller kollektivlinser (Relay lenses)
G – Synsfeltblender (Reticle)
H – Augelinser

Ei stereolupe eller eit stereomikroskop er eit optisk hjelpemiddel for å kunne sjå detaljar som er for små å sjå med det blotte auge, men samstundes for store til å kunne observerast i eit vanleg mikroskop. Ofte blir denne kalla ei disseksjonslupe, sidan han blir nytta for å tillage preparat. Ei stereolupe kan kallast ein «omvendt kikkert» eller ein «nærkikkert» og forstørrar vanlegvis mellom 5 til 75 gonger. Ofte skjer det i fire «trinn»: t.d. 6x, 12x, 25x, 50x, men det finst òg (dyre) stereomikroskop med variabel zoomfunksjon. Vanlegvis er stereolupa montert på eit kort bordstativ, men t.d. for å studere herbariumsark er det ofte naudsynt med montering på ein lang arm. Det finst òg stereoluper med spesiell utforming for medisinsk observasjon og kirurgi.

Stereolupe med innebygt over- og underlys.

Det som skil ei stereolupe frå eit mikroskop er dei to objektiva, eit sett linser for kvart auge, slik at ein kan sjå tre dimensjonar (stereoskopisk eller eit «stereo-bilete»). Eit mikroskop har i utgangspunktet berre éit sett linser (ein lysgang), men ofte er det to augelinser, men berre éit objektiv. Det vil seie at begge auge ser på same bilete, som då blir eit flatt bilete (ikkje-tre-dimmensjonalt eller eit «mono-bilete»). Eit vanleg mikroskop forstørrar vanlegvis fleire gonger, vanlegvis omtrent 400 gonger, eller opp til 1000 gonger. Det gjev særs liten djupneskarpleik og passar alt som er lite eller tynt. Ei stereolupe forstørrar vanlegvis berre 20 gonger, noko som gjev betre oversyn og større djupneskarpleik.

Stereoluper har mindre eigenforsørring enn vanlege lysmikroskop, opp til 50 – 75 gonger, men rimelege typar har ein fast forstørring på 20 gonger. Einskilde stereoluper har zoom og kan varierast mellom 30-50 gonger forstørring. Dei er eigna til å studere større objekt, som mineral, frø, plantedelar, insekt og andre organismar.

Ei stereolupe fungerer både med gjennomlysing (underlys) og påfallande lys. Nokre modellar har innebygd lampe, anten ein glødelampe, halogenlampe eller LED. Det finst enkle stereoluper, utan innebygd belysning. Ein vanleg skrivebordslampe fungerer vanlegvis godt. Men stereoluper kan ha innebygd lampe for påfallande belysning (overlys), og dyrare modellar med ein underliggande lampe i tillegg for gjennomlysning (underlys). Med LED-lamper, som brukar lite energi, er det mogleg å bruke batteri i staden for nettspenning, noko som gjer det enkelt å ta med seg stereolupen ut i felten (naturen).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]