Stereoplate

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stereoplate.
Modulasjon av stereoplate.

Stereoplate er ei tokanals grammofonplate, som lagrar informasjon for stereofonisk attgjeving. Stereoplater er ei vidareutvikling av dei tidlegare mikrorilleplatene, som berre lagra ein kanal (mono).

Modulasjon[endre | endre wikiteksten]

Utover 1950-talet var det mange framlegg til ulike system for å plassera to kanalar på ei grammofonplate. Det var sett på som viktig at dei skulle vera kompatible med mono mikrorilleplater, som nytta lateral modulasjon. Stereoplater har, som monoplater, difor berre ei rille, der rilleveggane danna ein vinkel på 45° i høve til overflata på plata. Venstre kanal modulerer den indre veggen på rilla og høgre kanal den ytre veggen. Dei to rilleveggane er difor plasserte 90° i høve til kvarandre, slik at dei blir ortogonale, så dei påverkar ikkje kvarandre[1][2][3].

Når platene blir graverte vert summen av venstre og høgre kanal nytta for å driva skjærekniven i horisontal retning og differansen for vertikal retning. Nålefana på stereopickupar må difor ha låg stivheit både for horisontal og vertikal rørsle. Monoinformasjon fører difor til lateral modulasjon, som på dei tidlegare monomikrorilleplateren. Differansesignalet er svakare enn sumsignalet, så den vertikale modulasjonen — som inneheld den stereofoniske informasjonsn — er svakare enn den horisontale. Dette er ein føremon, på grunn av at vertikal modulasjon fører til meir forvrengning av signalet enn horisontal modulasjon.

Det var opphavleg Alan D. Bumlein som fyrst foreslo å modulera dei to kanalane 90° i høve til kvarandre[4] og det var dette systemet som vann fram[5] og som framleis blir nytta.

I 1957 demonstrerte Westrex eit tokanals gravringshovud, som var i stand til å gravera plater med venstre og høgre kanal plasserte på kvar sin rillevegg, slik som Blomlein hadde kome med framlegg om i 1931. Westrex marknadsførte graveringshovudet sitt og fleire plateselskap tok til å produsera stereofoniske plater. Det fyrste stereoplata kom på marknaden i november 1957, og vart produsert av Audio Fidelity Records, som var eit lite plateselskap. I desember 1957 marknadsførte eit anna lite selskap, Bel Canto Records, ei stereoplate. Dei store plateselskapa skjøna snøgt at det var ein marknad for stereoplater og i 1958 tok fleire av dei til å produsera plater graverte med graveringshovudet til Westrex.

Kompabiltet med monoplater[endre | endre wikiteksten]

At monoinformasjon er lagt til den laterale modulasjonen gjer at stereoplater kan spelast av med ein monopickup, under føresetnad om at opphenget til nålefana ikkje er for stivt i vertikal retning. Dette var ikkje alltid tilfelle for monopickupane som var i bruk sist på 1950-talet. Dei var ofte svært stive i vertikal retning, slik at ein risikerte å skada stereoplater. Stereopickupar, derimot, kan spela monoplater utan å skada platene.

Rillestorleik[endre | endre wikiteksten]

På grunn av at stereoplater er modulerte både horisontalt og vertikalt får kraftig modulerte riller større breidd enn monoriller. For at stereoplatene skulle få like lang speletid som monoplater vart breidda på dei umodulerte rillene reduser frå 55 μm til 40 μm. Dette førte til at radiusen på avspelingsstiften òg laut reduserast, frå 25 μm til 18 μm[3]. Denne reduksjonen førte til at kompabiliteten mellom mono og stereoplater ikkje vart så bra likevel. Stiften i ein monopickup vil ha kontakt med rillene på ei stereoplate for høgt oppe og stiften på ein stereopickup vil ha kontakt med rillene på ei monoplate for langt nede, noko som ofte fører til at støvpartiklar som har samla seg i botnen på rillene fører til støy. For å få best muleg resultat bør ein difor nytta separate pickupar for mono og stereoplater. Monoplater produserte på 1970-talet vart stort sett graverte med same skjærenål som stereoplater, så desse platene bør spelast med nåler med radius 18 μm.

Format[endre | endre wikiteksten]

Stereoplater for klassisk musikk hadde stort sett ein diameter på 30 cm og roterte med 33 1/3 o/min. Småplater (18 cm, 45 o/min) vart òg produserte som stereoplater. Nokre få 30 cm stereoplater hadde ei rotasjonshastigheit på 45 o/min.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Davis, C.C., The Westrex stereo disk system, Proc. IRE, okt. 1958, ss. 1686-1658.
  2. Goldmark, P.C., The Columbia compatible stereophonic record, IRE Trans. on Audio, mars-april 1958, ss. 25-28
  3. 3,0 3,1 Dickreiter, M., Handbuch der Tonstudiotechnik, 6. utg., K.G. Saur, 1997.
  4. Blumlein, A.D., Improvements in and relating to sound-transmission, sound-recording and sound-reproducing systems, Britsich patent spesification 394,325, 14/12.1931.
  5. An audio timeline, Audio Engineering Society, 13/6-2014