Sterke substantiv

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Sterke substantiv er i moderne norsk for ein stor del einstavingsord som endar på ein konsonant eller ein trykksterk vokal, som ein stein.

I germanske språk hadde dei sterke substantiva ein ordstamme som enda på ein vokal: staina- . Alt i norrønt språk var denne endingsvokalen fallen bort. I moderne norsk har dei sterke substantiva ikkje slik endingsvokal i ubunde eintal, slik at dei oftast endar på ein konsonant, som ein stein, eller på ein trykksterk vokal, som ei tru.

Einstavingsord får i hankjønn og hokjønn oftast eit tonelaggsskifte frå bunden form eintal til fleirtal, frå tonelag 1 til tonelag 2:

  • ein stein – steinen – steinar – steinane
  • ei bru – brua – bruer – bruene

I klassisk nynorsk hadde sterke hokjønnsord forma brui i bunden form eintal. Denne var fram til 2012 ei sideform i rettskrivinga, med støtte i dialektformer som brui, brue eller bruæ.

Inkjekjønnsord får ikkje tonelagsskifte frå eintal til fleirtal:

  • eit hus – huset – hus – husa

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]