Sterling Morrison

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sterling Morrison
Sterling Morrison circa 1966.jpg
Morrison kring 1966
Fødd29. august 1942(1942-08-29)
FødestadEast Meadow i New York i USA
Død30. august 1995 (53 år)
DødsstadPoughkeepsie i New York i USA
FødenamnHolmes Sterling Morrison Jr.
OpphavUSA
Aktiv
  • 1965–1971
  • 1990-1995
Sjanger
Instrument
  • Gitar
  • bassgitar
  • vokal
Tilknytte artistar
Verka somMusikar
Gift medMartha Morrison

Holmes Sterling Morrison Jr. (28. august 194230. august 1995)[1] var ein USA-amerikansk gitarist, mest kjend som opphavleg medlem i rockegruppa The Velvet Underground, der han vanlegvis spelte elektrisk gitar, stundom bassgitar, og stundom song korvokal.

I motsetnad til bandkollegaene Lou Reed, John Cale, Maureen Tucker og Nico, gav aldri Morrison ut eit soloalbum eller gjorde innspelingar under sitt eige namn. Han var likevel eit viktig element av stilen til gruppa som ein gitarist med ein perkussiv og synkopiert spelestil og melodiske soloparti som gav ein kontrast til den improviserte rytme og sologitaren til Lou Reed.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Unterberger, Richie. «Sterling Morrison». AllMusic. Arkivert frå originalen 7. februar 2014. Henta 22. mars 2022.