Sternlaget

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Sternlaget er eit lag av ion rundt partiklar dispergert i til dømes vatn. Når partiklane har ei overflatelading vil dei trekka til seg ion med motsett lading. Iona i sternlaget følgjer rørslene til partikkelen eller kolloidet gjennom løysemiddelet.

Ion utanfor sternlaget vert òg tiltrekte av partikkelen, men samstundes fråstøytte av dei andre iona. Dei dannar eit diffust lag og utgjer saman med sternlaget eit elektrisk dobbeltlag rundt partiklane.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]