Stetinden i Jotunheimen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Stetinden
fjell
Stetinden.jpg
Stetinden sett frå aust.
Land Flag of Norway.svg Noreg
Område Lom (Innlandet) Luster (Vestland)
Fjellområde Jotunheimen
Høgd 2 020 moh.
Primærfaktor 445 m
Førstestiging 1890 (Carl Christian Hall og Mattias Soggemoen)

Stetinden i Jotunheimen
61°33′0″ N 8°11′47″ E

Stetinden (2020 moh.) er eit fjell i Leirdalen i Jotunheimen på grensa mellom Lom kommune i Innlandet og Luster kommune i Vestland.

Med den «svarte knollen» på toppen er han godt synleg frå Leirvassbu, og er ein av dei mest populære turane frå hytta. Frå Leirvassbu tar turen om lag 4 timar til fots opp og ned på sommarstid. Turen er noko kortare på vinterstid. Toppen er grei å nå både frå aust og søraust, medan ein frå vest møter eit stup på fleire hundre meter.

Frå toppen er det god utsikt til Storebjørn (2222 moh.)

Dei første til å nå toppen av fjellet var Carl Christian Hall og Mattias Soggemoen i 1890.

Koordinatar: 61°32′51.241″N 8°11′42.410″E

Spire Denne geografiartikkelen som har med Innlandet og Vestland å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.