Steve Gaines

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Steve Gaines

Fødd14. september 1949(1949-09-14)
FødestadSeneca, Missouri i USA
Død20. oktober 1977 (28 år)
DødsstadGillsburg i Mississippi i USA
FødenamnSteven Earl Gaines
AliasOkie
Crawdaddy
OpphavUSA
Aktiv1964–1977
SjangerBlues, southern rock
InstrumentGitar, vokal
Tilknytte artistarThe Ravens (Steve's High School Band), Pink Peach Mob, Manalive, Rio Smokehouse, Detroit, Rusty Day, Crawdad, Lynyrd Skynyrd
PlateselskapMCA
Verka sommusikar, gitarist
PrisarOklahoma Music Hall of Fame

Steven Earl «Steve» Gaines (14. september 194920. oktober 1977) var ein USA-amerikansk musikar. Han er mest kjend som gitarist, vokalist og låtskrivar i southern rock-bandet Lynyrd Skynyrd frå 11. mai 1976, fram til han døydde den 20. oktober 1977, og var den yngre broren til Cassie Gaines, som var korsongar for bandet på konsertane deira.

Cassie Gaines byrja å syngje med Lynyrd Skynyrd i desember 1975, og då gitaristen Ed King slutta i bandet, leita bandet etter ein ny. Cassie tilrådde broren hennar, og etter først ha vore motvillig, let bandet Steve få kome på scenen med dei på ein konsert i Municipal Auditorium i Kansas City i Missouri den 11. mai 1976. Etter kvart fekk han bli med i bandet.

Den 20. oktober 1977, tre dagar etter albumet Street Survivors km ut, styrta flyet som flaug bandet mellom to konsertar utafor Gillsburg i Mississippi. Gaines døydde av store hovudskadar, 28 år gammal. I styrten døydde òg Ronnie Van Zant, og syster til Steve, Cassie Gaines. Den assisterande turnémanageren, Dean Kilpatrick, og dei to pilotane omkom òg.[1]

Han er emne i songen «Cassie's Brother» av rockebandet Drive-By Truckers frå 2001.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Lynyrd Skynyrd
Solo

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Check-Six (May 2007). «The 'Lynyrd Skynyrd' Crash». Henta 15. september 2018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]