Steve Harley & Cockney Rebel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Steve Harley & Cockney Rebel

AliasCockney Rebel
OpphavLondon i England
Aktiv1972 til i dag
SjangerRock
Kunstrock
Progressiv rock
Pop
Tilknytte artistarSteve Harley
PlateselskapEMI

Steve Harley & Cockney Rebel er eit engelsk rockeband frå tidleg i 1970-åra. Musikkstilen deira varierer frå pop til progressiv rock. I løpet av åra har dei hatt fem album på den britiske albumlista og tolv singlar på den britiske singellista.[1]

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Steve Harley (fødd Stephen Malcolm Ronald Nice, 27. februar 1951, Deptford i London[2]) voks opp i New Cross-området i London og gjekk på privatskulen Haberdashers' Aske's Hatcham College. Musikkarrieren hans starta seint i 1960-åra då han spelte som gatesongar (med John Crocker eller Jean-Paul Crocker) og framførte sine eigne songar. Somme av desse songane vart seinare spelt inn av han og bandet. Etter ein kort periode som musikkjournalist, vart det originale Cockney Rebel skipa då Harley slo seg saman med Crocker (fele / mandolin / gitar) i 1972.[3] Dei søkte etter resten av bandmedlemmane og fann trommeslagar Stuart Elliott, bassist Paul Jeffreys og klaverspelar Milton Reame-James.[2] Dei fekk kontrakt med EMI etter å ha spelt fem konsertar. Den første singelen deira, «Sebastian», vart ein hit i Europa, men nådde ikkje lista i Storbritannia.[4] Debutalbumet deira, The Human Menagerie, kom ut i 1973.[2] Sjølv om det ikkje selde så bra, fekk dei ein stadig større tilhengjarskare i London.[3]

Harley klarte å irritere på seg store delar av musikkpressa med å herleggjere seg sjølv, sjølv om musikken deira fekk god kritikk og stadig større publikum. Det vart klart at Harley såg på bandet som sitt eige akkompagnement, og det vart etter kvart teikn på at det ikkje kom til å vare, trass ein stor hitsingel med den andre singelen deira, «Judy Teen».[4] Albumet The Psychomodo følgde så.[2] Dei spelte for BBC Radio 1 hos John Peel, og dette vart sidan gjeve ut som Live at the BBC.[4] Singelen frå albumet, «Mr. Soft», vart ein hit. På denne tida vart problema i bandet større og alle musikarane, bortsett frå Elliott slutta etter ein suksessrik britisk turne.[2][5] Dei tidlegare medlemmane gjekk kvart til sitt. Crocker gjekk attende til akustisk og bluegrassmusikk, og spelte stundom i lag med den yngre broren David som The Crocker Brothers. Jeffreys og Reame-James vart ein kort periode medlemmar i Be-Bop Deluxe, før dei starta bandet Chartreuse i 1976.[4]

Harley spelte på Top of the Pops med gjestemusikarar. Berre Elliot var med frå den opphavlege besetninga. Med seg hadde dei Francis Monkman frå Curved Air og B. A. Robertson. Hausten 1974 gav bandet ut singelen «Big Big Deal», som skulle kome frå det tredje albumet deira. Men så snart albumet vart gjeve ut vart det trekt tilbake.[4]

Frå den tid av var bandet berre eit namn på papiret, og det vart meir eller mindre eit soloprosjekt for Harley.[4] I 1974 kom albumet The Best Years of Our Lives produsert av Alan Parsons. Dette inneheldt songen «Make Me Smile (Come Up and See Me)» som gjekk heilt til topps i Storbritannia i februar 1975 og vart den største hitten til bandet. Det selde over ein million på verdsbasis.[5] Av korvokalistane på songen var den framtidige artisten Tina Charles.[6] Bandnamnet vart endra frå Cockney Rebel til Steve Harley & Cockney Rebel for denne singelen, men etter dette gjekk det raskt nedover.[7]

Det vart gjeve ut ein singel til frå albumet, «Mr. Raffles (Man It Was Mean)», som nådde Topp 20 i Storbritannia, men så vart bandet oppløyst.[7] Etter 1975 strevde Harley å oppnå den same suksessen han hadde hatt og forsvann ut av det store biletet.[2]. Han song vokal på The Alan Parsons Project-songen på «The Voice» i 1977 frå I Robot. Harley fekk òg ein hitt i 1976 med ein coverversjon av «Here Comes the Sun».[3] Han fekk òg ein mindre hit i 1979 som soloartist i Storbritannia med «Freedom's Prisoner».[3] I 1980-åra byrja Harley å turnere igjen med dei gamle Cockney Rebel-songane.

Den originale bassisten i Cockney Rebel, Paul Jeffreys, var ein av dei som omkom på Pan Am Flight 103 i 1988.[4] I april 1990 slo Harley og fleire tidlegare Cockney Rebel-medlemmar seg saman som Raffles United, og heldt fire konsertar i London.[3]

Harley har sidan gjeve ut fleire soloalbum, Yes You Can i 1992, Poetic Justice i 1996 og sist The Quality of Mercy i 2005, det første sidan 1970-åra gjeve ut med Cockney Rebel-namnet.

«Make Me Smile» har vorte nytta i fleire reklamefilmar, som Carlsberg Lager i 1995, noko som gjorde at songen gjekk inn på Topp 40 i Storbritannia. I 2005 vart han nytta i ein reklame for Marks & Spencer. I 2007 vart songen nytta i ein reklame for Norsk Tipping.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Cockney Rebel:

Steve Harley & Cockney Rebel:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19th utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 243. ISBN 1-904994-10-5. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 Roberts, David (1998). Guinness Rockopedia (1st utg.). London: Guinness Publishing Ltd. s. 185. ISBN 0-85112-072-5. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 Strong, Martin C. (2000). The Great Rock Diskografi (5th utg.). Edinburgh: Mojo Books. s. 424–425. ISBN 1-84195-017-3. 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 4,5 4,6 «Biography by Dave Thompson». Allmusic.com. Henta 26. april 2011. 
  5. 5,0 5,1 Murrells, Joseph (1978). The Book of Golden Discs (2nd utg.). London: Barrie and Jenkins Ltd. s. 358–359. ISBN 0-214-20512-6. 
  6. Roberts, David (2001). British Hit Singles (14th utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 45. ISBN 0-85156-156-X. 
  7. 7,0 7,1 Rice, Jo (1982). The Guinness Book of 500 Number One Hits (1st utg.). Enfield, Middlesex: Guinness Superlatives Ltd. s. 166. ISBN 0-85112-250-7. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]