Steve Jobs

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Steve Jobs

Statsborgarskap USA
Fødd 24. februar 1955
San Francisco
Død

5. oktober 2011 (56 år)
Palo Alto

Yrke gründer, oppfinnar, designar, informatikar, ansvarlig produsent, filmprodusent, investor
Språk engelsk
Politisk parti Det demokratiske partiet i USA
Medlem av American Academy of Arts and Sciences
Religion buddhisme, Zenbuddhisme
Far Abdulfattah Jandali
Mor Joanne Carole Schieble Simpson
Ektefelle Laurene Powell Jobs
Partnar Chrisann Brennan
Nettstad https://www.apple.com/stevejobs
Steve Jobs på Commons
Steve Jobs på MacWorld SF 2005.

Steven Paul Jobs (fødd 24. februar 1955 i San Francisco, død 5. oktober 2011 i California) var ein amerikansk dataentreprenør og oppfinnar. Han var administrerande direktør for Apple Computer og administrerande direktør/styreleiar for Pixar Animation Studios.

Jobs er mest kjend for å ha grunnlagt (saman med Steve Wozniak) Apple Computer. Han er òg rekna som ein av dei store pionerane innan dataindustrien, og var den fyrste til å sjå det kommersielle potensialet i det grafiske brukargrensesnittet og musa, noko som førte til at Apple Computer hadde stor suksess med datamaskina Apple Macintosh.

Tidleg liv[endre | endre wikiteksten]

Jobs vart adoptert av Paul og Clara Jobs etter fødselen, og voks opp i California. Den biologiske systera hans er forfattaren Mona Simpson. Etter å ha droppa ut av Reed College i Portland, Oregon reiste han attende til California i 1974, der han møtte Steve Wozniak. Saman byrja dei å arbeida hjå Atari.

Apple[endre | endre wikiteksten]

I 1976, då Jobs var 21 og Wozniak var 26 skipa dei Apple Computer i garasjen til familien Jobs. Det fyrste produktet deira var den personlege datamaskina Apple I. I 1977 lanserte Apple oppfølgjaren, Apple II. Det vart ein stor suksess og gjorde Apple til ein viktig aktør i den veksande databransjen. I 1980 vart Apple børsnotert, og både Jobs og Wozniak vart mangemillionærar.

I 1983 henta Apple inn John Sculley til å ta over som leiar etter Jobs. Sculley, som kom frå Pepsi-Cola, kom frå starten godt overeins med Jobs, men i 1985 slutta ein maktkamp mellom dei to med at Jobs forlet selskapet. I mellomtida, i 1984, hadde Apple introdusert den støre suksessen sin, den personlege datamaskina Macintosh.

Etter å ha forlate Apple drog Jobs på ein lang ferie til Italia, før han skipa dataselskapet NeXT Computer. I 1996 vart NeXt kjøpt opp av Apple, og i 1997 vart Jobs leiar for Apple att, etter at den administrerande direktøren, Gil Amelio, hadde fått sparken av styret.

Pixar[endre | endre wikiteksten]

I 1986 kjøpte Jobs data-animasjons-avdelinga i Lucasfilm for ti millionar dollar og han førte vidare under namnet Pixar. Då Pixar vart børsnotert etter suksessfilmen Toy Story, vart Jobs dollarmilliardær.

Privatliv[endre | endre wikiteksten]

Jobs gifte seg med Laurene Powell 18. mars 1991, og dei har tre born saman. Han har òg ei dotter frå eit tidlegare forhold.

31. juli 2004 vart Jobs operert for kreft. Han døydde 5. oktober 2011 etter ein lang kamp mot ein sjeldan kreftsjukdom, samt andre helseproblem. Han blei 56 år gamal. Kort tid etter at det vart kjend at han var død, strøymte mange til nærmaste Apple-butikk for å leggja ned blomar eller minnast Apple-pionéren på andre måtar. [1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Steve Jobs