Steve Mullings

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Steve Mullings


Statsborgarskap Jamaica
Fødd 29. november 1982 (41 år)
Saint Elizabeth Parish
Idrett friidrett

Steve Mullings (fødd 28. november 1982) er ein tidlegare sprintar frå Jamaica. Mullings spesialiserte seg på 100 meter og 200 meter og på 4 x 100 meter stafett.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Mullings utmerka seg godt som sprintar i byrjinga av 2000-åra, og greidde kvalifikasjonskravet til sommar-OL 2004 i Aten. Då han testa positivt for ulovlege stoff, m.a. testosteron, vart han teken bort frå tevlinga og utestengt frå idretten i to år. Resultata hans frå mellom midten av 2004 og 2005 vart sletta frå arkivet.

I 2006 kom han tilbake og forsøkte på nytt. Han trena seg i form att og deltok m.a. i VM i friidrett 2007 i Osaka, der han tok sølv med det jamaicanske stafettlaget på 4 x 100 meter, sjølv om Mullings riktignok ikkje sprang i sjølve stafettfinalen. Mullings greidde ikkje OL-krava i 2008, men hadde eit vellukka 2009. Under VM i friidrett 2009 i Berlin sette Mullings personleg rekord på 200 meter på 19,98. I tillegg tok han gull med stafettlaget på 4 x 100 meter. Mullings sprang her i finalen saman med Michael Frater, Asafa Powell og Usain Bolt. Dei kom i mål på 37,31, berre to tidelar bak Jamaicas verdsrekord frå Beijing i 2008.

I 2011 sprang han for fyrste gong 100 meter på under 10 sekund og sette personleg rekord på 9,80. Eventyret tok slutt den 11. august 2011 då Mullings testa positivt for furosemid. Den 22. november same året vart Mullings utestengt frå idretten på livstid. Domen vart gjort einstemmig av anti-dopingpanelet på Jamaica.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]