Steve Peregrin Took

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Steve Peregrin Took
Fødd28. juli 1949
FødestadEltham
Død27. oktober 1980 (31 år)
DødsstadNorth Kensington
FødenamnStephen Ross Porter
AliasSteve Peregrin Took
OpphavEltham i London, England
Aktiv1967–1980
SjangerUndergrunnsmusikk
InstrumentVokal, gitar, bassgitar, trommer, perkusjon
Tilknytte artistarT. Rex, Shagrat & Steve Took's Horns
Verka somMusikar

Steve Peregrin Took (fødd Stephen Ross Porter28. juli 194927. oktober 1980) var ein engelsk musikar. Han er mest kjend som medlem av bandet T. Rex i lag med Marc Bolan. Etter han forlet gruppa konsentrerte han seg om sin eigen karriere og som frontmann i fleire band.

Han tok namnet sitt frå hobbiten Peregrin Took i Ringenes herre av J. R. R. Tolkien. 17 år gammal byrja han å spele trommer for modbandet The Waterproof Sparrows, då han svarte på ei annonse i Melody Maker for det bandet Marc Bolan ønskte å danne etter at han hadde gått frå John's Children. I lag med Bolan starta dei eit akustisk band og spelte på gata med Bolan på akustisk gitar og Took på bongotrommer. Tyrannosaurus Rex vart derimot godt likt av John Peel som spelte platene deira på radio. Took spelte mange perkusjonsinstrument og var viktig i omforminga av musikken til Bolan frå vanleg rock til den meir eksotiske blandinga som songane bestod av.

Took starta å skrive sine eigne songar og tidleg i 1969 ønskte at han at Tyrannosaurus Rex skulle spele inn nokre av songane hans. Bolan avslo dette og forholdet deira vart stadig dårlegare.[1] I tillegg vart Took ven med «idolet» til Bolan, Syd Barrett, og dei delte begge interesse i både LSD og «rare musikalske lydar». Medan han var i Tyrannosaurus Rex song Took òg som korvokalist på ei innspeling for David Bowie, noko ein kan høyre på BBC-albumet Bowie at the Beeb.

Took gav to av songane sine til tidlegare Tomorrow/The Pretty Things-trommeslagar Twink for soloalbumet hans Think Pink i 1969.[2] Før den første turneen til Tyrannosaurus Rex i Amerika, sparka Bolan Took. Took var derimot kontraktbunden til å vere med på turneen, og han «drukna sorgene» i dop. Dette gjorde at leiinga av bandet kunne hevde at det var oppførselen til Took på scenen som gjorde at han fekk sparken. Bolan erstatta Took med Mickey Finn og opplevde kort tid etter enorm suksess med T. Rex.

Etter han fekk sparken av Bolan, danna Took ein tidleg versjon av Pink Fairies med Twink og Mick Farren. I 1970 starta Took eit band kalla Shagrath, der han sjølv vart frontmann. Dei gjorde nokre få innspelingar og heldt nokre konsertar før dei gav seg. Seinare spelte han som soloartist, hovudsakleg akustisk musikk, og i periodar som medlem av Hawkwind.

I 1976 starta Took eit band kalla Steve Took's Horn, men etter nokre få konsertar vart bandet oppløyst. Seinare spelte han fleire gonger som gjesteartist med Inner City Unit.

Steve Took mista livet den 27. oktober 1980, 31 år gammal. Dødsårsaka skal ha vore kvelning etter at han sette eit kirsebær i halsen. Narkotika vart ikkje oppført som ein medverkande faktor,[3] sjølv om dødsfallet til Took ofte vert rekna som ei doprelatert ulukke.[4]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • 1970 – Mick Farren – Mona – The Carnivorous Circus med Steve Took som 'Shagrat the Vagrant' (Transatlantic Records)
  • 1971 - Twink: Think Pink (LP feat. To Took-songar, spelt inn sommaren 1969) (Sire Records)
  • 1990 - Shagrat: Amanda (b/w Peppermint Flickstick) Singel
  • 1992 - Steve Took's Shagrat: Nothing Exceeds Like Excess 12" EP,
  • 1995 - Steve Peregrine Took: The Missing Link to Tyrannosaurus Rex
  • 2001 - Steve Peregrine Took's Shagrat: Lone Star
  • 2001 - Shagrat: Pink Jackets Required CD
  • 2004 - Steve Took's Horns: Blow It!!! The All New Adventures Of Steve Took's Horns

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Days in the Life: Voices from the English Underground, 1961-71 av Jonathon Green
  2. Thompson, Dave (2007). T-Rex— Up Close And Personal. 
  3. http://www.steve-took.co.uk
  4. http://www.portobellofilmfestival.com/talkpics/talk-babylon5.html Tom Vague’s Hollywood Babylon W11

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]