Steve Stevens

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Steve Stevens

Stevens på scenen i 2019
Fødd5. mai 1959 (64 år)
FødestadBrooklyn, New York i USA
FødenamnSteven Bruce Schneider
AliasSteve Stevens
OpphavUSA
AktivSidan 1979
SjangerHardrock, glam metal, heavy metal, instrumental rock
InstrumentGitar
Tilknytte artistarBilly Idol, Bozzio Levin Stevens, Peter Criss Neurotic Outsiders, Kings of Chaos, Vince Neil, Deadland Ritual
PlateselskapWarner Bros. Records
Verka somMusikar, låtskrivar, produsent
PrisarGrammy Award for Best Pop Instrumental Performance

Steve Stevens (fødd 5. mai 1959 som Steven Bruce Schneider) er ein USA-amerikansk gitarist og låtskrivar. Han er mest kjend som gitarist og låtskrivar for Billy Idol,[1] og for å ha spelt sologitar på temasongen for Top Gun – «Top Gun Anthem» – som han vann Grammyprisen for i 1987. Stevens har spelt for Michael Jackson, Ric Ocasek, Robert Palmer og mange andre.[2] Stevens var i bandet til Vince Neil i 1993. I 1995 var Stevens og Idol ei kort tid medlemmar i gruppa Neurotic Outsiders. Stevens var med å skipe supergruppa Bozzio Levin Stevens, som gav ut Black Light Syndrome i 1997 og Situation Dangerous i 2000. Han tok med seg ein spansk flamencostil til songen «Pistolero» (1999) for trance-gruppa Juno Reactor. Frå 2012 til 2016 var Stevens med i Kings of Chaos.

Av soloalbum har han gjeve ut Atomic Playboys (1989)[1] og Flamenco a Go-Go (2000).

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Soloalbum[endre | endre wikiteksten]

Filmusikk[endre | endre wikiteksten]

Album med Billy Idol[endre | endre wikiteksten]

Album med Michael Jackson[endre | endre wikiteksten]

Album med Robert Palmer[endre | endre wikiteksten]

Album med Jerusalem Slim[endre | endre wikiteksten]

  • Jerusalem Slim (1992) – berre i Europa og Japan

Album med Vince Neil[endre | endre wikiteksten]

Album som medlem av Bozzio Levin Stevens[endre | endre wikiteksten]

Album med Kyosuke Himuro[endre | endre wikiteksten]

  • I·De·A (1997)
  • Collective Souls (1998)
  • The One Night Stands (1998)
  • Mellow (2000)
  • Beat Haze Odyssey (2000)
  • Follow the Wind (2003)

Album med Gregg Bissonette[endre | endre wikiteksten]

  • Submarine (på «Train to Willoughby») (2000)

Album med Adam Bomb[endre | endre wikiteksten]

  • New York Times (Stevens spelte på «NY Child» «Cheyenne» «Saluda a Lola» & «Anxiety»), produsert av Jack Douglas (2001)

Album med Sebastian Bach[endre | endre wikiteksten]

Andre framføringar[endre | endre wikiteksten]

  • Peter Criss | Let Me Rock You (1982)
  • Merry Axemas Vol.2 ; spor 3 «Do You Hear What I Hear» (1998)
  • The Fallout | Neodymium Project (2012)
  • Desire | Meg Myers - Sorry (2014)
  • I Will Always Be Yours | Ben Rector (2018)
  • Down in Flames | Deadland Ritual (2018)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Colin Larkin, red. (1995). The Guinness Who’s Who of Heavy Metal (Second utg.). Guinness Publishing. s. 343. ISBN 0-85112-656-1. 
  2. Prato, Greg. «Biography: Steve Stevens». AllMusic. Henta 24. mai 2010. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Steve Stevens