Steven Crowder

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Steven Crowder
Steven Crowder.jpg
Fødenamn Steven Blake Crowder
Statsborgarskap USA, Canada
Fødd 7. juli 1987 (31 år)
Grosse Pointe, Michigan, USA
Bustad Dallas, Texas, USA
Yrke Skodespelar, komikar, politisk kommentator, radiokjendis
Steven Crowder på Commons

Steven Blake Crowder (fødd 7. juli 1987) er ein amerikansk-kanadisk konservativ politisk kommentator, skodespelar og komikar. Han er vert for podkasten Louder with Crowder, som dekker nyhende, populærkultur og politikk, og som blir strøymt på tenester som YouTube og BitChute og på nettsida LouderWithCrowder.com. Han var som barn stemmeskodespelar i TV-serien Artur, der han gav røyst til karakteren Alan under sesong 5–6. Han er også ein tidlegare bidragsytar ved Fox News, og ein fast gjest på det konservative nyhende- og underhaldningsnettverket TheBlaze.

Faren til Crowder er USA-amerikansk og mora er fransk-kanadisk. Steven har dobbelt statsborgarskap og talar både fransk og engelsk. Han gifte seg med hustrua Hilary Crowder i august 2012 og skreiv om føremonane med seksuelt fråhald før ekteskapet.[1] Crowder er ein tilhengjar av mixed martial arts (MMA) og deltek i kampsportstevlingar. Han var ein føregangsmann for legalisering av MMA i New York.[2]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Waiting till the wedding night – getting married the right way». Fox News. 14. september 2012. 
  2. Crowder, Steven (19. mars 2012). «LEGALIZE MMA IN NY!!» (via YouTube). 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Steven Crowder