Steven Davis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Steven Davis
Steven Davis 2012.jpg
Personleg informasjon
Fullt namn Steven Davis
Fødd 1. januar 1985
Fødestad Ballymena
Høgd 178 cm
Posisjon Midtbanespelar
Klubbinformasjon
Noverande lag
Rangers
Nummer 8
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
2003-07
2007-08
2008
2008-
Flag of England.svg Aston Villa
Flag of England.svg Fulham
Skottland Rangers (lån)
Skottland Rangers
91 (5)
22 (0)
12 (0)
70 (9)
Landslag

2005-
Nord-Irland Nord-Irland U21
Nord-Irland Nord-Irland
3 (0)
41 (2)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 14. august 2010
‡ Landslagsmål oppdatert 14. august 2010

Steven Davis (fødd 1. januar 1978 i Ballymena i Antrim) er ein nordirsk fotballspelar, som spelar på midtbanen for Rangers i skotsk Premier League, og for det nordirske fotballandslaget.

Davis debuterte som profesjonell fotballspelarar hjå Aston Villa i engelsk Premier League, der han spelte den første kampen sin i september 2004. Han gjekk til Fulham sommaren 2007, og vidare på lån til Rangers i Skottland i januar 2008. Overgangen til Rangers vart permanent sommaren 2008, for ein overgangssum på 3 millionar pund. Han har vorte seriemeister i Skottland med Rangers to gonger, i 2009 og 2010, og vart kåra til årets spelar i Skottland i 2010.

Davis debuterte for Nord-Irland sitt A-landslag 9. februar 2005 i ein privatlandskamp mot Canada. Han skåra det første landslagsmålet sitt 8. oktober 2005 i ein VM-kvalifiseringskamp heime mot Wales. 21. mai 2006 vart han Nord-Irland sin yngste landslagskaptein i nyare tid, i ein kamp mot Uruguay.