Steven Gardiner
Steven Gardiner (fødd 12. september 1995) er ein friidrettsutøvar frå Bahamas som tevlar på 200 meter og 400 meter. Under VM i friidrett 2019 vart han verdsmeister på 400 meter, samstundes som han sette landsrekord med sterke 43,48 sekundar. Tidlegare vann Gardiner VM-sølv på 400 meter ved London-VM 2017 og han fekk OL-bronse i 4 x 400 meter stafett i 2016 saman med Bahamas sitt mannskap i tevlinga. Gardiner har personbeste på 200 meter på 19,75 sekundar.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Steven Gardiner» frå Wikipedia på engelsk, den 12. oktober 2019.