Steven Soles

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Steven Soles
Fødd20. hundreåret
OpphavUSA
Sjangerrock
Instrumentgitar, vokal
Verka somsongar-låtskrivar, songar, musikkprodusent, gitarist, komponist

Steven Soles er ein amerikansk visesongar, plateprodusent og gitarist.[1]

Han var òg kjend som J. Steven Soles og vart spurt av Bob Dylan om han ville bli med på Rolling Thunder Revue-turneen i 1975-1976. Han deltok òg på Dylan-albuma Desire og Street-Legal og den påfølgjande turneen, inkludert konsertalbumet Bob Dylan at Budokan. Då turneen var over skia Soles og to andre medlemmar frå bandet til Dylan, T-Bone Burnett og David Mansfield, bandet The Alpha Band.

Steven Soles har sidan gjeve ut to soloalbum, The Promise i 1980 og Walk By Love i 1982.

Soles arbeidde òg sidan med Dylan, Burnett, The Washington Squares, Bob Neuwirth, Steve Poltz, Peter Case, Elvis Costello, Roger McGuinn, Don McLean, The Monkees, The 77s, Olivia Newton-John, Roy Orbison, Tonio K, Victoria Williams, Steve Scott og andre. Han spelte på den fjernsynssendte konserten Roy Orbison and Friends, A Black and White Night.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Steven Soles — Biography». CMT.com. Henta 29. november 2018.