Steven Universe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Steven Universe er ein animert TV-serie laga av Rebecca Sugar for Cartoon Network. Serien handlar om ungguten Steven Universe (spelt av Zach Callison), som bur i byen Beach City saman med tre menneskeliknande, mineralsteinbaserte romvesen med magiske krefter: Garnet (spelt av Estelle Fanta Swaray), Amethyst (spelt av Michaela Dietz) og Pearl (spelt av Deedee Magno). Steven, som er halvt menneske og halvt romvesen, drar på eventyr saman med venene sine og hjelper dei med å beskytte verda frå andre romvesen av same art.[1] Rebecca Sugar utvikla serien medan ho arbeidde som forfattar og kunstnar på Adventure Time, og han premierte 4. november 2013 på Cartoon Network. Steven Universe er den første animerte serien på kanalen som berre var utvikla av ei kvinne åleine.[2]

Steven Universe har fått positive omtalar for mellom anna musikken, stemmeskodespelet og den kunstnariske stilen sin. Serien var nominert til to Emmy-prisar. Det har også kome ut bøker, teikneseriar og dataspel basert på serien.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Steven Universe
Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.