Stevns

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Koordinatar: 55°18′43″N 12°23′22″E

Stevns
Stevnsfortet, eit fort med kommandosenter, bustader, ammunisjonsdepot, sjukehus og eit kapell, vart bygd i 1953 i største løyndom i ei djupne av 18 til 20 meter under jordoverflata i Stevns Klint. Fotografiet av korridoren syner flintestein i krit, ein naturleg kombinasjon som gjorde fortet motstandsdyktig mot bomber. Fortet vart lagd ned i 2000, og opna i 2008 som eit museum over Den kalde krigen.

Stevns er ei halvøy på Aust-Sjælland i Danmark, sør for København, mellom Køge Bugt og Faxe Bugt sør i Øresund, der sundet går over i Austersjøen. Halvøya er avgrensa frå sjølve øya Sjælland av tre elvar, Tryggevælde Å, Stevns Å og Kildeå. I aust dannar Stevns Klint ei markant grense mot havet. Stevns Klint er ein særs interessant naturformasjon som no er freda. Eit fort, Stevnsfortet, med kommandosenter, bustader, ammunisjonsdepot, sjukehus og eit kapell, vart bygd i 1953 i største løyndom i denne kalkklippa i ei djupne av 18 til 20 meter under jordoverflata. Fortet er no museum.

Hovudbyen på Stevns er Store Heddinge.

Ifølgje tradisjonen er Stevns riket til alvekongen (dansk: elverkongen).

Fleire gravfelt frå jarnalderen i Himlingøje syner at denne halvøya har vore viktig i dei fyrste hundreåra e.Kr.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]