Stevnsfortet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 55°15′46″N 12°24′49″E

Eit av dei to pansertårna på Stevnsfortet med to 150 mm kanonar.
Stevnsfortet. Fotografiet av den underjordiske korridoren syner at berggrunnen er flintestein i krit, ein naturleg kombinasjon som gjorde fortet motstandsdyktig mot bomber.

Stevnsfortet er eit fort med kommandosenter, bustader, ammunisjonsdepot, sjukehus og eit kapell som vart bygd i største løyndom i tida 1950 til 1953 inne i Stevns Klint på austkysten av StevnsSjælland i Danmark for å kontrollere innseglinga til Øresund frå Austersjøen militært.

Saman med Langelandsfortet på den danske øya Langeland skulle Stevnsfortet hindre flåtestyrker frå warszawapaktland i Austersjøen å få tilgang til verdshava i ein krisesituasjon. Det var vurderingar knytt til den kalde krigen som låg til grunn for utbygginga, og begge forta er no lagde ned og omgjort til museum. Stevnsfortet vart lagd ned i 2000, og den underjordiske delen vart frå 1. juli 2008 som eit spesialmuseum over den kalde krigen. Det er ope for ålmenta som ei underavdeling av Østsjællands Museum.

Stevnsfortet er det einaste fortet i Danmark som er lagt i fjell. Fortet ligg inntil 18 meter under jordoverflata, som her er av kalk med flintestein i. Dette skal vere ein berggrunn som er godt eigna til å motstå bomber.

På Stevnsfortet er det to pansertårn med to 150 mm kanonar som opphavleg hadde stått på det tyske slagskipet «Gneisenau» frå den andre verdskrigen, og deretter hadde vore nytta på Batteri Grådyb på Fanø av den tyske okkupasjonsmakta som lekk i å verne innseglinga til Esbjerg. Kanonane hadde ei rekkevidd på 33 kilometer, og dekka både Øresund og dei to moglege landgangsstrendene i Faxe Bugt og Køge Bugt. På Stevnsfortets område var det dessutan stilt opp eit HAWK-batteri, som saman med NIKE-missilbatteri fleire stader på Sjælland skulle forsvare København mot luftåtak. Dette var missilbaserte bakke-til-luftsystem av amerikansk opphav.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Stevnsfortet