Stian Gregersen
|
| |||
| Fødd | 17. mai 1995 | ||
|---|---|---|---|
| Fødestad | Kristiansund kommune | ||
| Klubbinformasjon | |||
Noverande lag | Atlanta United | ||
| Nummer | 5 | ||
| Ungdomsklubbar | |||
| Kristiansund | |||
| –2012 | Clausenengen | ||
| Seniorkarriere* | |||
| År | Lag | Kampar | (Mål) |
| 2012–2021 | Molde | 74 | (4) |
| 2012 | → Kristiansund (lån) | 5 | (1) |
| 2015 | → Kristiansund (lån) | 24 | (1) |
| 2019 | → Elfsborg (lån) | 26 | (1) |
| 2021–2024 | Bordeaux | 73 | (2) |
| 2024– | Atlanta United | 23 | (2) |
| Landslag | |||
| 2013 | Noreg U18 | 2 | (0) |
| 2021– | Noreg | 11 | (0) |
|
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 20. oktober 2024 ‡ Landslagsmål oppdatert 25. mars 2025 [1] | |||
Stian Rode Gregersen (fødd 17. mai 1995) er ein norsk fotballspelar frå Kristiansund som sidan 2024 gjer teneste for Atlanta United i USA. Han er midtstoppar.
Karriere
[endre | endre wikiteksten]Klubbspel
[endre | endre wikiteksten]Gregersen kom sommaren 2012 frå Kristiansund BK til Molde FK. Han fekk lite speletid og vart av den grunn lånt ut til Kristiansund BK på nivå 2 i seriesystemet. I 2016 var han tilbake i Molde, men det var fyrst i 2017 og -18 han fekk meir speletid. 2019-sesongen spelte han for IF Elfsborg i Allsvenskan. Etter framifrå spel for Molde FK i 2020 og -21 vart Gregersen i august 2021 overført til franske Girondins Bordeaux, ein klubb som i 2022 rykte ned i Ligue 2. I januar 2024 skreiv han kontrakt med Atlanta United i nordamerikansk fotball.
Landslagsspel
[endre | endre wikiteksten]Gregersen landslagsdebuterte 27. mars 2021 i ein kvalifiseringskamp til Fotball-VM 2022. Kampen mot Tyrkia vart avvikla i spanske Malaga og enda med tap 0–3. Dei neste åra fekk han gong om annan vere innbytar i landskampar. Han deltok i sin 11. og siste landskamp då Israel vart slått 4–2 i ein kvalifiseringskamp 25. mars 2025.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Stian Gregersen» frå Wikipedia på tysk, den 1. mai 2026.