Stien Kaiser
Stien Kaiser | |
Statsborgarskap | Kongeriket Nederlanda |
Fødd | 20. mai 1938 (83 år) Delft |
Idrett | lengdeløp på skeiser |
Tok del i |
Vinter-OL 1972, Vinter-OL 1968, Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 1968 – 1500 meter damer, Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 1972 – 1500 meter damer, Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 1968 – 3000 meter damer, Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 1972 – 3000 meter damer |
Christina Wilhelmina Kaiser, kjend som Stien Kaiser, (fødd 20. mai 1938) er ein nederlandsk tidlegare skeiseløpar frå Delft som vart verdsmeister i 1967 og 1968 og olympisk meister på 3000 meister i 1972.
Kaiser var frå 1965 til 1972 mellom dei tre beste i åtte verdmeisterskap på rad. Etter to bronsemedaljar i 1965 og -66, kleiv ho til topps under VM 1967 i Deventer og VM 1968 i Helsinki. Sidan kom ho på andreplass fire sesongar etter kvarandre, 1969-72. Under Vinter-OL 1968 i Grenoble tok ho bronsemedaljane på dei to lengste distansane, 1500 m og 3000 m. Fire år seinare i Sapporo vann ho OL-gull på 3000 meter og sølv på 1500 meter.
Kees Broekman var onkelen hennar.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Stien Kaiser» frå Wikipedia på nederlandsk, den 8. januar 2018.