Stien den Hollander

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stien den Hollander

Fødd8. november 2000 (23 år)
FødestadHoorn, Abbekerk
AliasS10
OpphavKongeriket Nederlanda
Aktiv2016–
Sjangerurban contemporary, trap, nederlandsk hiphopmusikk, alternativ pop, emo-rap
Instrumentvokal
PlateselskapNoah's Ark
Verka sommusikar, songar, rappar, låtskrivar
PrisarEdison

Stien den Hollander (fødd 8. november 2000), kjend under artistnamnet S10, er ein nederlandsk låtskrivar, songar og rappar. Ho byrja musikkarrieren i 2016 og signerte for det nederlandske hiphop-platemerket Noah's Ark i 2017.[1][2] To år seinare slapp ho debutplata Snowsniper, som seinare vann ein Edison-pris, den nederlandske Spellemannprisen.[3] Den Hollander representerte Nederland i Eurovision Song Contest 2022 med songen «De diepte», som ho skreiv saman med Arno Krabman.[4][5] Dette var det fyrste Eurovision-bidraget på nederlandsk sidan 2010.[6]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Den Hollander og tvillingbroren vart fødde 8. november 2000 i Hoorn i Noord-Holland.[7][8] Frå fødelsen av har ho hatt lite kontakt med sin biologiske far.[8] Ho vaks opp i Abbekerk, før familien flytta til Hoorn, der ho gjekk på videregåande skule.[8][9] Etter å ha teke eksamen i 2018, byrja ho på musikkskulen Herman Brood Academie i Utrecht.[9][10]

I tenåra sleit Den Hollander med psykiske lidingar, blant anna høyrselshallusinasjonar og depresjon.[10] Då ho var 14 år, vart ho lagd inn på eit psykiatrisk sykehus etter eit sjølvmordsforsøk.[10] Ho har seinare vorte diagnostisert med bipolar liding.[11]

Musikalsk karriere[endre | endre wikiteksten]

Den Hollander tok artistnamnet S10, som på nederlandsk vert uttalt nærast likt som fornamnet hennar, Stien. I 2016 gav Den Hollander ut sitt fyrste minialbum Antipsychotica, på eige forlag. Ho spela det inn ved å bruke Apple-hovudtelefonane sine og lasta det opp på musikkplattforma SoundCloud.[1][2] Kort tid etter utgjevinga var ho oppdaga av rapparen Jiggy Djé, og signere for plateselskapet hans Noah's Ark i 2017.[2] Eitt år seinare gav ho ut sitt andre minialbum, kalla Lithium.[12] Songane hennar omhandla hennar personlege kamp mot psykiske lidingar, og begge minialbuma er kalla opp etter medikament mot psykiske lidingar.[13][14]

I 2019 gav Den Hollander ut debutplata Snowsniper. Tittelen refererer til den finske skarpskytteren Simo Häyhä, som Den Hollander forklarte handlar om ein «soldat som kjempar for fred, akkurat som eg strevar for fred med meg sjølv».[15] Albumet vann ein Edison-pris, tilsvarande den norske Spellemannprisen, i februar 2020. I november same år gav ho ut sitt andre studioalbum, Vlinders, som nådde ein femteplass på den nederlandske albumlista.[16][17]

I 2021 fekk Den Hollander ein hit med songen «Adem je in», som ho skreiv saman med Jacqueline Govaert.[18][19] Den 7. desember 2021 kunngjorde den nederlandske kringkastaren AVROTROS at dei hadde vald Den Hollander til å representere Nederland i Eurovision Song Contest 2022.[3] Bidraget hennar, «De diepte» (djupet) vart utgjeve 3. mars 2022 og hadde nederlandsk tekst. Songen var det fyrste Eurovision-bidraget på nederlandsk sidan 2010. Ho enda til slutt på ein ellevteplass i finalen av Eurovision Song Contest.[20]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Album[endre | endre wikiteksten]

  • 2019 – Snowsniper
  • 2020 – Vlinders
  • 2022 – Ik besta voor altijd zolang jij aan mij denkt

EP-ar og minialbum[endre | endre wikiteksten]

  • 2017 – Antipsychotica
  • 2018 – Lithium
  • 2019 – Diamonds

Singlar[endre | endre wikiteksten]

  • 2016 – «Dark Room Filled with Flowers»
  • 2017 – «Gucci veter»
  • 2018 – «Storm»
  • 2018 – «Hoop» (med Jayh)
  • 2019 – «Ik heb jouw back»
  • 2019 – «Laat mij niet gaan»
  • 2019 – «Alleen»
  • 2020 – «Ogen wennen altijd aan het donker»
  • 2020 – «Love = Drugs» (med Ares)
  • 2020 – «Maria»
  • 2020 – «Achter ramen» (med Zwangere Guy)
  • 2021 – «Adem je in»
  • 2021 – «Adem je in (Remix)» (med Frenna og Kevin)
  • 2022 – «De leven» (med Joep Beving)
  • 2022 – «De diepte»
  • 2022 – «Laat me los» (med BLØF)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «S06E06 met S10». Audioboom (på engelsk). Arkivert frå originalen 12. desember 2021. Henta 30. april 2022. 
  2. 2,0 2,1 2,2 «S10». Noahs Ark (på nederlandsk). Noahs Ark. Arkivert frå originalen 12. desember 2021. Henta 30. april 2022. 
  3. 3,0 3,1 «Alt-pop sensation S10 to represent the Netherlands 🇳🇱». Eurovision.tv (på engelsk). 7. desember 2021. Henta 30. april 2022. 
  4. «Netherlands: S10 debuts Eurovision entry 'De Diepte' 🇳🇱». Eurovision.tv (på engelsk). 3. mars 2022. Henta 7. mars 2022. 
  5. «Netherlands: S10 for Eurovision 2022». Eurovisionworld (på engelsk). 7. desember 2021. Henta 8. desember 2021. 
  6. «S10 gaat volgend jaar voor Nederland naar het Eurovisie Songfestival». NU (på nederlandsk). 7. desember 2021. Henta 30. april 2022. 
  7. Mal:OTRS ticket 2
  8. 8,0 8,1 8,2 «Stien». Zapp. 15. juni 2014. Henta 30. april 2022. 
  9. 9,0 9,1 «Edison voor openhartige Hoornse S10: ’Een uitzonderlijk talent’». Noordhollands Dagblad (på nederlandsk). Henta 30. april 2022. 
  10. 10,0 10,1 10,2 «Rapper S10: 'Mijn eerste ep 'Antipsychotica' was een noodkreet'». www.andc.tv. Henta 30. april 2022. 
  11. «‘Je kunt je superslecht voelen, maar toch iets opbouwen’». NRC (på nederlandsk). Henta 30. april 2022. 
  12. «S10 gaat voor Nederland naar Turijn | Wie is zij?». Eurostory (på engelsk). 7. desember 2021. Henta 30. april 2022. 
  13. «S10 gaat voor Nederland naar Turijn | Wie is zij?». Eurostory (på engelsk). 7. desember 2021. Henta 30. april 2022. 
  14. «Voor je oma, buurvrouw, oom en vader die S10 nog niet kent». NPO 3FM (på nederlandsk). Henta 30. april 2022. 
  15. Knooihuizen, Klaas (12. november 2019). «Rapper S10 temde de stemmen in haar hoofd». Trouw (på nederlandsk). Henta 30. april 2022. 
  16. «Biografie S10 - leer de songfestivalartiest beter kennen - Eurovisie Songfestival». AVROTROS.nl (på nederlandsk). 9. desember 2021. Henta 30. april 2022. 
  17. «Discografie S10 - dutchcharts.nl». dutchcharts.nl. Henta 30. april 2022. 
  18. «Voor je oma, buurvrouw, oom en vader die S10 nog niet kent». NPO 3FM (på nederlandsk). Henta 30. april 2022. 
  19. «Hoornse S10 vertegenwoordigt Nederland volgend jaar op Eurovisie Songfestival». www.nhnieuws.nl (på nederlandsk). Henta 30. april 2022. 
  20. «S10 - Netherlands - Turin 2022». Eurovision.tv (på engelsk). Henta 19. mai 2022.