Stig Sæterbakken

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stig Sæterbakken

Statsborgarskap Noreg
Fødd 4. januar 1966
Lillehammer kommune
Død

24. januar 2012 (46 år)
Noreg

Yrke skribent, lyrikar
Språk norsk
Stig Sæterbakken på Commons

Stig Sæterbakken (4. januar 196625. januar 2012) var ein norsk skjønnlitterær forfattar og omsetjar, og sakprosaforfattar. Han var fødd på Lillehammer og budde storparten av livet her. Frå 2006 og fram til oktober 2008 var han kunstnerisk leiar av den årlege Norsk Litteraturfestival – Sigrid Undset-dagene, som vert arrangert i byen.

Stig Sæterbakken debuterte med diktsamlinga Flytende paraplyer allereie i 1984, berre 18 år gamal, medan han var elev ved Lillehammer gymnas. Som romanforfattar debuterte han i 1991 med romanen Incubus. Han er rekna som ein av dei mest sentrale norske og nordiske skjønnlitterære forfattarane i det fyrste tiåret av 2000-talet.

Stig Sæterbakken hadde òg ein karriere som musikar i ulike band.

Romanar, diktsamlingar og essays[endre | endre wikiteksten]

  • Flytende paraplyer. Dikt, 1984
  • Sverdet ble til et barn. Dikt, 1986
  • Vandrebok. Fortellingar, 1988
  • Incubus. Roman, 1991
  • Det nye testamentet. Roman, 1993
  • Estetisk salighet . Essays, 1994
  • Siamesisk. Roman, 1997
  • Selvbeherskelse. Roman, 1998
  • Sauermugg. Roman, 1999
  • Det onde øye. Essays, 2001
  • Kapital. Roman, 2003
  • Besøket. Roman, 2006
  • Usynlige hender. Roman, 2007
  • Ja. Nei. Ja. Essay, 2009
  • Ikke forlat meg. Roman, 2009
  • Dirty Things. Essays, 2010
  • Umuligheten av å leve. Essay, 2010
  • Gjennom natten. Roman, 2011
  • Det fryktinngydende, 2011
  • De Press: Block to Block. Sakprosa, 2011
  • Essays i utvalg, 2012 (Utval av tekster frå essaysamlingane Estetisk salighet (1994), Det onde øye (2001) og Dirty Things (2010), og dessutan Sacred Tears, som her vert publisert i bokform for fyrste gongen.)

Omsetjingar og attdiktingar[endre | endre wikiteksten]

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]