Stig Wennerström

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stig Wennerström

Statsborgarskap Sverige
Fødd 22. august 1906
Stockholm
Død

21. mars 2006 (99 år)
Danderyds kommun

Yrke spion, offiser, militær
Stig Wennerström på Commons

Stig Erik Constans Wennerström (22. august 190622. mars 2006) var ein svensk oberst i flyvåpenet, spion for Sovjetunionen og dømd for spionasje.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Stig Wennerström var fødd i Stockholm som son av major Gustaf Wennerström og Ester Berggren. Han gifta seg i 1939 med Ulla-Greta Carlsson, dotter av konsul Eric Carlsson og Helga Andersson.

Militær[endre | endre wikiteksten]

Wennerström vart fenrik i marinen i 1929, og tok deretter flyutdanning. I 1936 vart han løytnant i flyvåpenet, i 1939 kaptein, i 1944 major, i 1946 oberstløytnant og i 1951 oberst.

Under andre verdskrigen var han flyattaché og gjorde teneste i Moskva i perioden 1940-41. Etter krigen var han i Moskva i åra 1949-52 og i Washington i 1952-57. Han var arveprins Gustaf Adolfs sin adjunkt i åra 1938-47. I tillegg var han lærar ved den svenske flykrigshøgskulen og den kongelige sjøkrigsskulen.

Det fanst to høgt verdsette svenske GRU-agentar i denne perioden, ein hadde kodenamnet Ørnen (Wennerström), i tillegg var det òg ein agent som gjekk under kodenamnet Getingen («kvepsen»). Identiteten til den sistnemnde er aldri blitt klarlagt.

Wennerström avslørte så godt som heile det svenske forsvaret til Russland på 1950-talet. Dessuten overlét han heile det danske Drakenprosjektet til Sovjetunionen. Wennerström arbeidde òg som militærattaché i Washington der han var til stor nytte for GRU.

Allereie i 1943 fekk den svenske Säkerhetspolisen (Säpo) mistanke om at Wennerström arbeidde i tysk teneste. I 1947 vart det funne indikasjonar på at han hadde kontakter med Sovjetunionen, men dette kunne ikkje bevisast tilstrekkeleg.

Avslørt som spion[endre | endre wikiteksten]

Mot slutten av 1950-talet vart spaninga mot Wennerström intensivert, og hushjelpa hans vart verva som agent for Säpo. I juni 1963 melde ho at ho hadde funne nokre gøymde filmrullar. Filmane viste seg å innehalde bilde av graderte dokument, og Wennerström vart pågripen nokre veker seinare, den 25. juni 1963.

Han vart dømd til livsvarig straffarbeid, men 6. oktober 1973 bestemte regjeringa Palme å gjera om straffa til 20 års fengsel, noko som førte til at han kunne prøveløslatast etter at halve straffa var sona. 6. september 1974 slutta Den svenske riksdagen å innvilge prøvelauslating.

Wennerström skreiv memoarane sine etter lauslatinga. Han grunngav handlingane sine med at han bidrog til å oppretthalda terrorbalansen og gjennom dette freden.

Innflytelse[endre | endre wikiteksten]

Den svenske rockegruppa Reeperbahn (med mellom andre Olle Ljungström) har skrive ein song med tittelen «Kalla kriget» som handlar om Stig Wennerström.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]