Stigen i Bergen
Utsjånad
| Stigen | |||
| stad | |||
Stigen | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Fylke | Hordaland | ||
| Kommune | Bergen | ||
| Postnummer | 5229 KALANDSEIDET | ||
| Gardnummer | 80 | ||
Stigen eller Stige er ein liten gard i Fana i Bergen. Garden ligg opp i åssida nord for Kalandsvatnet og strekkjer seg nordover til Stignavatnet. Stigen ligg noko utanfor allfarveg og berre ein bratt grusveg fører opp til garden frå Osvegen.
Namn
[endre | endre wikiteksten]Garden har fått namn av at han ligg i ein ås med bratt oppstigning.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Garden høyrte i mellomalderen til Lyse kloster og etter reformasjonen til Lyseklostergodset. Brukarane på garden vart sjølveigarar i 1872.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Garden ligg i åsane nord for Kalandsvatnet og strekkjer seg over på andre sida mot Stignavatnet. Garden grenser i nord til Fjellbirkeland i vest til Øvre Sandven, i sør og aust til Nedre Sandven og i nordaust til Hedno.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Gunnar Hagen Hartvedt (2003). Bergen Byleksikon (4 utg.). Oslo: Kunnskapsforlaget. ISBN 82-573-1036-0.
- Bergenskart Arkivert 2020-02-17 ved Wayback Machine.