Stikkelsbær

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stikkelsbær



Systematikk
Orden: Saxifragales
Familie: Grossulariaceae
Slekt: Ribes
Art: R. uva-crispa
Vitskapleg namn
Ribes uva-crispa

Stikkelsbær (Ribes uva-crispa) er ein busk i ripsfamilien i slekt med rips og solbær. Det viskaplege namnet kjem av latin uva (drue) og crispus (krusa) som speglar at busken har bær og krusete blad. Det svenske namnet er krusbär. Synonymnamnet Ribes grossularia er opphav for ordet «stikkelsbær».

Grøne stikkelsbær.

Buskane blir opptil ein meter høge og har torna greiner, grøne blomar og store, håra eller glatte bær. Stikkelsbær finst både som grøne, gule, raude og purpurfarga, og i ulike storleikar. Stikkelsbær kan kjøpast på nokre norske grønsaksmarknader i sesongen.

Stikkelsbærsbusken kan ein støyte på langt unna busetjing, men det er uvisst om det nokon gong har vore viltveksande stikkelsbær i Norden eller om desse er forvilla frå hagar.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Busken kjem opphavleg frå Kaukasus og det vestlege Asia. Dyrkinga av stikkelsbær ser ut til å ha kome i gang fyrst på 1500-talet. I Norden tok dyrkinga til fyrst på slutten av 1600-talet. På 1800-talet, som var stikkelsbærdyrkingas glanstid, vart det dyrka rundt 1000 ulike sortar.

Ved starten av 1900-talet kom den amerikanska mjøldoggsoppen Sphaerotheca mors-uvae til Europa og øydela mykje av foredlingsarbeidet. Soppen er kjend under namnet «stikkelsbærdrepar». Han dannar eit tett, brunt lag på blad, skot og bær. I dag er det utvikla sortar som er resistente mot mjøldogg.

I dag finst det mange viltveksande artar i Nord-Amerika og nokre i Asia og Europa.

Stikkelsbærblomar.

Frukt og blomstrar[endre | endre wikiteksten]

Stikkelsbær har sortar med store bær og sortar med små bær. Blomane er ikkje i ein klase, men 1-3 blomar som er feste til stamma, der det finst mange tornar eller taggar. Bæra har sterk farge og er særs saftige.

Frukta er større enn hjå dei andre artane i slekta, og er eit eitromma bær med mange frø. Bæra inneheld sukkerartar og sitron-, vin- og eplesyre. Hjå dei dyrka sortane varierer både storlek, form og farge på bæra. Det finst raude, gule og grønkvite, lodne og glatte, runde, ovale og pæreforma.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Stikkelsbær kan nyttast til syltetøy, gelé eller som dessert. Opphavleg var bæra mest kjende som medisinplante, og vart mellom anna tilrådd mot pest og malaria. Safta skulle kurere all betenning. Tidlegare fanst det stikkelsbærbrus på den norske marknaden.

Stikkelsbær i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Grøne[endre | endre wikiteksten]

  • Lepaan Valio
  • Whitesmith
  • Invikta

Gule[endre | endre wikiteksten]

  • Gul Hinnomäki - H6
  • Hænning Früheste

Raude[endre | endre wikiteksten]

  • Scania
  • Whinham's industry
  • Raud Hinnomäki - H6

Sjukdomar og skadedyr[endre | endre wikiteksten]

  • Stikkelsbærdrepar
  • Stikkelsbladkvefs

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Stikkelsbær
  • Jon Ramstad, Hagebrukslære for landbruksskolen. Landbruksforlaget, 1972.