Stikkemygg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Stikkemygg


Culex quinquefasciatus
Culex quinquefasciatus

Systematikk
Rekkje: Arthropoda
Underrekkje: Hexapoda
Klasse: Insecta
Underklasse: Pterygota
Infraklasse: Neoptera
Orden: Diptera
Underorden: Nematocera
Infraorden: Culicomorpha
Familie: Culicidae
Vitskapleg namn
Culicidae

Stikkemyggar er ei gruppe myggar som omfattar rundt 2 700 artar i 35 slekter. I Europa førekjem 106[1], 38 av desse er påvist i Noreg.

Namnet sitt har dei fått fordi hoene av mange artar stikk pattedyr og/eller fugl og syg blod frå dei. Somme artar, til dømes malariamyggane (Anopheles), er spreiarar av fleire former for smitte og utgjer store medisinske problem. Andre artar er heilt ufarlege. Dei mest plagsame artane for menneske i Noreg høyrer til slekta Aedes.

Levesett[endre | endre wikiteksten]

Stikkemyggar har, som andre tovengjer, fullstendig forvandling; ein livssyklus med egg, larve, puppe og vakse insekt eller imago. Detaljane i denne varierer frå slekt til slekt, men dei har det alle felles at larvane er reint vasslevande og pustar i luft gjennom spesielt utvikla pusterøyr på bakkroppen.

Dei ulike artane er ofte knytt strengt til ulike habitat. I Noreg finn ein til dømes larvar av Anopheles vexans og A. sticticus berre i elvedelta som fløymer over under snøsmeltinga, medan A. dorsalis og A. detritus er knytt til brakkvassdammar på strandenger.

Artar i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Larvar av ein Culex-art. Det er typisk for stikkemyggar å henga vertikalt i vassflata, der dei pustar luft gjennom bakkroppen sin.
Puppe av Anopheles
Culiseta longiaerolata
  • Slekt Anopheles - malariamyggar
    • A. claviger
    • A. maculipennis (omfattar sannsynlegvis minst 2 artar, uklar systematikk)
    • A. messae
  • Slekt Coquillettidia
    • C. richiardii
  • Slekt Culex
    • C. pipiens
    • C. territans
    • C. torrentium
  • Slekt Culiseta
    • C. alaskaensis
    • C. annulata
    • C. bergrothi
    • C. fumipennis
    • C. morsitans
    • C. subochrea
  • Slekt Aedes
    • A. cantans
    • A. caspius
    • A. cataphylla
    • A. cinerus
    • A. communis
    • A. detritus
    • A. diantaeus
    • A. dorsalis
    • A. exrucians
    • A. geniculatus
    • A. hexodontus
    • A. impiger
    • A. intrudens
    • A. leucomelas
    • A. nigrinus
    • A. nigripes
    • A. pionips
    • A. pullatus
    • A. punctodes
    • A. punctor
    • A. riparius
    • A. rossicus
    • A. sticticus
    • A. vexans

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.