Stiklestad Nasjonale Kultursenter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Frå spelet Vikingguten ved Stiklestad Nasjonale Kultursenter i 2010

Stiklestad Nasjonale Kultursenter er ein skipnad som forvaltar den historiske arven på Stiklestad. I samband med feiringa av olsok vart Spelet om Heilag Olav, av Olav Gullvåg, synt fram for fyrste gong i 1954. Denne store framsyninga i friluft, der bygdefolket hjelper til som statistar, vart spelt på nytt i 1955 og har vore heldt årleg sidan 1960. Spelet hadde frå fyrsten av eit sterkt amatørpreg, men har sidan vorte profesjonalisert samstundes som det har heldt fram med å ha ein omfattande medverknad frå lokale krefter. Musikken er skriven av Paul Okkenhaug. Rundt spelet har det etter kvart utvikla seg ein festival, Olsokdagane, med marknad, konsertar og utstillingar. Eit kulturhus stod ferdig i 1992.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

«Stiklestad – stiklestad nasjonale kultursenter» i Store norske leksikon, snl.no.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]