Still Crazy After All These Years
Still Crazy After All These Years Studioalbum av Paul Simon | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 25. oktober 1975 | |
Innspelt | 1975 | |
Sjanger | Softrock | |
Lengd | 36:25 (originalt album) 45:32 (CD-utgåve frå 2004) | |
Selskap | Columbia, seinare Warner Bros. | |
Produsent | Paul Simon, Phil Ramone | |
Kritikk | ||
---|---|---|
|
||
Paul Simon-kronologi | ||
Paul Simon in Concert: Live Rhymin' (1974) |
Still Crazy After All These Years | Greatest Hits, Etc. (1977)
|
Still Crazy After All These Years er det fjerde studioalbumet til Paul Simon og kom ut i 1975.
Albumet produserte fire hitsinglar, «Gone at Last», «My Little Town», «50 Ways To Leave Your Lover» (#1) og tittelsporet. Albumet vann prisen for «Årets album» under Grammy-utdelinga i 1975. Under takketalen takka Simon Stevie Wonder, som hadde vunne prisen dei to føregåande åra for Innervisions og Fulfillingness' First Finale, for at han ikkje gav ut eit album dette året.[1] Wonder vann prisen igjen med Songs in the Key of Life året etter.
På songen «My Little Town» fekk Simon med seg den gamle partnaren Art Garfunkel. Dette var første gong dei var i studio i lag sidan 1970. Simon har gjeve trommeslagar Steve Gadd æra for den unike rytmen som vart til «50 Ways To Leave Your Lover».
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Alle songar er skrivne av Paul Simon.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Still Crazy After All These Years» | 3:26 |
2. | «My Little Town» | 3:51 |
3. | «I Do It for Your Love» | 3:35 |
4. | «50 Ways to Leave Your Lover» | 3:37 |
5. | «Night Game» | 2:58 |
6. | «Gone at Last» | 3:40 |
7. | «Some Folks' Lives Roll Easy» | 3:14 |
8. | «Have a Good Time» | 3:26 |
9. | «You're Kind» | 3:20 |
10. | «Silent Eyes» | 4:12 |
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Paul Simon - vokal, gitar
- John Tropea - elektrisk gitar
- Patti Austin - korvokal
- Art Garfunkel - vokal på «My Little Town»
- Phoebe Snow - korvokal, vokal på «Gone at Last»
- Joe Beck - elektrisk gitar
- Michael Brecker - saksofonsolo
- Bob James - elektrisk piano
- David Sanborn - saksofon
- Grady Tate - trommer
- Pete Carr - elektrisk gitar
- Sivuca - trekkspel, vokal
- Ralph MacDonald - perkusjon
- Chicago Community Kor - korvokal
- Barry Beckett - elektrisk piano
- Eddie Daniels - saksofon
- Gordon Edwards - bass
- Jerry Friedman - elektrisk gitar
- Steve Gadd - trommer
- Roger Hawkins - trommer
- David Hood - bass
- The Jessy Dixon Singers - korvokal
- Tony Levin - bass
- Hugh McCracken - gitar
- Leon Pendarvis - piano
- Valerie Simpson - korvokal
- Richard Tee - piano
- Toots Thielemans - munnspel
- Phil Woods - saksofon
- Kenny Ascher - orgel, elektrisk piano
- Dave Matthews - hornarrangement
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Still Crazy After All These Years» frå Wikipedia på engelsk, den 5. november 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ “”. «18th Grammy Awards Album Of The Year». YouTube. Henta 26. juni 2010.