Stille Stunder

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stille Stunder 1931

Stille Stunder er eit kristeleg blad som var grunnlagt av Johannes Barstad i 1889. Bladet har stått som eit symbol på det som er kalla "kristninga av landsmålet", og var publiseringsstad for fleire salmar, blant anna av Elias Blix.

Redaktør i dag er presten Ivar MoldeVoss. Forretningsførar er Rolf-Atle Rolfsnes som bur på Fitjar, medan Knut O. Dale i Odda er styreformann.

Bladet vart frå 1889 til 1931 utgjeve av grunnleggjaren, Johannes Barstad, seinare vart det utgjeve av kona, og frå 1935 til 1954 stod Oslo Kristelege Landsungdomslag som utgjevar. Frå 1954 og nokre år stod ei eiga bladnemnd i Bergen som utgjevar, og frå slutten av 1950-talet av Kyrkjenemndi i Bergen vore utgjevar. Frå 2012 er det Foreininga Stille Stunder som gjev ut bladet.

Redaktørar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Peter Halleråker: Johannes A. Barstad og landsmålet i Tidsskrift for Sunnmøre Historielag 1986