Den intertropiske konvergenssona

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Stillebeltet)
Torevêr i den intertropiske konvergenssona dannar eit band av skyer langs det austlege Stillehavet.

Den intertropiske konvergenssona eller ITCZ (engelsk forkorting frå InterTropical Convergence Zone), er eit lågtrykksbelte som omkransar jorda ved ekvator. Som namnet impliserer blir han danna ved at varm, fuktig luft frå breiddegradene over og under ekvator konvergerer (møtest).

Mekanisme[endre | endre wikiteksten]

Konveksjon i ITCZ fører til at luft stig oppover i høgda, og luft strøymer inn (i form av passatvindane) på begge sider av sona for å fylle luftunderskotet ved bakken.

Luft blir dregen inn i ITCZ på grunn av hadleyceller, eit makroskala atmosfærisk sirkulasjonssystem som er del av planeten sitt distribusjonssystem for varme og fukt. Lufta blir så dregen opp av den konvektive effekten ein får når varm luft stig, og det skjer ofte i samband med torevêr. Regionar under ITCZ har nedbør meir enn 200 dagar i året i form av regnbyer.

Plasseringa til ITCZ varierer over tid ettersom han flytter seg fram og tilbake over ekvator etter kvar sola er i senit. Han har også ein dagleg syklus der cumulusskyer utviklar seg rundt middag og utviklar seg til toreskyer frå midten til slutten av ettermiddagen.

Plassering[endre | endre wikiteksten]

Plasseringa til ITCZ i juli (raud) og i januar (blå).

Den intertropiske konvergenssona flyttar seg nord og sør over ekvator i lag med sola sitt senitpunkt. Over hav er konvergenssona betre definert og sesongvariasjonen er mindre. Dette kjem av at konveksjonen er avhengig av fordelinga til havtemperaturen.

Stundom vert det danna doble konvergenssoner, ei nord for ekvator og ei anna sør for. Når dette skjer dannar det seg ei smal høgtrykkssone mellom dei to konvergenssonene. Vanlegvis er den eine konvergenssona då kraftigare enn den andre.

Effektar på vêret[endre | endre wikiteksten]

Variasjon i plasseringa av ITCZ har stor effekt på nedbøren i mange ekvatoriale nasjonar, noko som fører til våte og tørre årstider i staden for varme og kalde, som er vanleg ved høgare breiddegrader. Langtidsendringar av ITCZ kan føre til alvorleg tørke eller flaum i nærliggjande område.

Stillebeltet[endre | endre wikiteksten]

På grunn av styrken til hadleycellene på kvar side av ekvator, kan ikkje vêrsystem folk på høgare breiddegrader er vande med utvikle seg — resultatet er at det ikkje utviklar seg særleg med vind. Horisontal rørsle er berre eit resultat av luft som på grunn av konveksjon stig opp og blir erstatta, noko som er ein treg prosess.

Tidlege seglarar kalla dette rolege beltet for «stillebeltet» eller «the doldrums» (engelsk for å vera «nedstemt», «dyster», «deprimert» eller «ha stagnert») på grunn av vindmangelen. Å finne seg i denne regionen kunne bety døden når vind var den einaste måten å flytte seg på, og det var uansett ikkje ein særleg god oppleving å sitja fast midt ute i havet i eit varmt, fuktig klima utan det minste vindpust til segl eller for sveitte panner. Ofte tok ikkje vinden seg opp att før sola sitt senitpunkt flytta seg nordover eller sørover, og stillebeltet følgde etter. Like nord og sør for ekvator bles det til motsats vedvarande passatvindar.

Rolla for utviklinga av tropiske syklonar[endre | endre wikiteksten]

Tropisk syklogenese er mellom anna avhengig av virvling i låge nivå, og ITCZ og monsunen medverkar til dette som område med endringar i vindretning og vindstyrke, vanlegvis kalla vindskjer. Når ITCZ flyttar seg meir enn 500 km frå ekvator om sommaren aukar corioliskrafta, slik at tropiske syklonar lettare kan oppstå. I Nord-Atlanteren og det nordaustlege Stillehavet flyttar tropiske bølgjer seg langs aksen til ITCZ og fører til auka toreaktivitet. Når ein då har svake vertikale vindskjer, kan desse torebyene samle seg saman i organiserte system som kan verte tropiske syklonar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]