Stine Bredal Oftedal
Stine Bredal Oftedal | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 25. september 1991 (33 år) Nittedal kommune |
Idrett | handball |
Tok del i | Håndball under Sommer-OL 2016, Handball-VM 2011 for kvinner, Handball-VM 2015 for kvinner, Handball-VM 2017 for kvinner, Handball-EM 2010 for kvinner, Handball-EM 2014 for kvinner, Handball-EM 2016 for kvinner, Handball-EM for kvinner 2012, Junior-VM i håndball for kvinner 2010, U19-EM i håndball for kvinner, 2017–18 Women's EHF Champions League, Q14920468, 2017–18 Nemzeti Bajnokság I, 2017–18 Magyar Kupa, Q16382268, Q17624114, Q16628129, Q28494046, Handball under Sommar-OL 2016 – Kvinner, Handball under Sommar-OL 2020 – Kvinner |
Utmerkingar | Årets håndballspiller i Frankrike – Beste spiller, Årets håndballspiller i Frankrike – Beste spiller, Årets håndballspiller i Frankrike – Beste spiller |
Stine Bredal Oftedal (fødd 25. september 1991) er ein norsk handballspelar frå Nittedal som perioden 2017-24 spelte for ungarske Győri ETO. I åra frå 2011 til 2024 var ho med på å vinne eitt OL-gull, tre VM-gull og fire EM-gull, to VM-sølv, EM-sølv og to OL-bronsar med Noregs landslag. Oftedal deltok i 269 landskampar og skåra 757 mål.
Karriere
[endre | endre wikiteksten]Klubbspel
[endre | endre wikiteksten]Oftedal var i yngre år medlem i Nit-Hak Håndballklubb. Sesongen 2007/08 spelte ho på Fjellhammer IL, deretter var ho spelesjef (playmaker) i Stabæk IF i fem år. Sidan var aktiv i franske Issy Paris i tida 2013-17. Frå sommaren 2017 var ho ein sentral spelar for det ungarske topplaget Győri ETO som i 2018, 2019 og 2024 sigra i EHF-meisterligaen.
Landslagsspel
[endre | endre wikiteksten]Sommaren 2009 var Oftedal med på vinne junior-VM i handball, ein prestasjon ho og Noreg gjentok eitt år seinare. Hausten 2010 fekk ho sin landslagdebut mot Island den 26. november. I desember 2011 deltok ho på det norske laget som vann handball-VM 2011. Også ved handball-EM 2012, der det vart finaletap mot Montenegro etter ekstraomgangar, var ho med i den norske troppen.
Frå og med handball-EM 2014 har Oftedal vore sentral i angrepsspelet til det norske landslaget som midtre rykkrom-spelar, der samspelet med særleg Nora Mørk har vore viktig for norske triumfar ved EM 2014, VM 2015 og EM 2016, og siger i bronsefinalen under Sommar-OL 2016. Sidan handball-VM 2015 har ho vore Noregs kaptein i meisterskapsturneringane.
Merittar landslag
[endre | endre wikiteksten]- VM 2011: Gullmedalje etter 32–24 mot Frankrike
- EM 2012: Sølvmedalje etter 31–34 mot Montenegro
- VM 2013: Nr 5 med Noreg
- EM 2014: Gullmedalje etter 28–25 mot Spania
- VM 2015: Gullmedalje etter 31–23 mot Nederland
- OL 2016: Bronsemedalje etter 36–26 mot Nederland
- EM 2016: Gullmedalje etter 30–29 mot Nederland
- VM 2017: Sølvmedalje etter 21–23 mot Frankrike
- EM 2018: Nr 5 etter 38–29 mot Sverige
- VM 2019: Nr 4 etter 28–33 mot Russland
- EM 2020: Gullmedalje etter 22–20 mot Frankrike
- OL i 2021: Bronsemedalje etter 36–19 mot Sverige
- VM 2021: Gullmedalje etter 29–22 mot Frankrike
- EM 2022: Gullmedalje etter 27–25 mot Danmark
- VM 2023: Sølvmedalje etter 28–31 mot Frankrike
- OL 2024: Gullmedalje etter 29–21 mot Frankrike
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Stine Oftedal» frå Wikipedia på bokmål, den 18. desember 2016.
- Einskildkvinner
- Fødde i 1991
- Norske handballspelarar
- Verdsmeistrar i handball
- Europameistrar i handball
- Olympiske medaljevinnarar i handball
- Olympiske meistrar for Noreg
- Olympiske bronsemedaljevinnarar for Noreg
- Medaljevinnarar under sommar-OL 2016
- Norske deltakarar under sommar-OL 2016
- Handballspelarar under sommar-OL 2016
- Medaljevinnarar under sommar-OL 2020
- Norske deltakarar under sommar-OL 2020
- Handballspelarar under sommar-OL 2020
- Medaljevinnarar under sommar-OL 2024
- Norske deltakarar under sommar-OL 2024
- Handballspelarar under sommar-OL 2024
- Spelarar i Handball-EM 2010 for kvinner
- Spelarar i Handball-VM 2011 for kvinner
- Spelarar i Handball-EM 2012 for kvinner
- Spelarar i Handball-VM 2013 for kvinner
- Spelarar i Handball-EM 2014 for kvinner
- Spelarar i Handball-VM 2015 for kvinner
- Spelarar i Handball-EM 2016 for kvinner
- Spelarar i Handball-VM 2017 for kvinner
- Spelarar i Handball-EM 2018 for kvinner
- Spelarar i Handball-EM 2020 for kvinner
- Folk frå Nittedal