Stine Hovland
| Personleg informasjon | |||
|---|---|---|---|
| Fødd | 31. januar 1991 | ||
| Fødestad | Noreg | ||
| Posisjon | Forsvarsspelar | ||
| Klubbinformasjon | |||
Noverande lag | Arna-Bjørnar | ||
| Nummer | 6 | ||
| Ungdomsklubbar | |||
| Høyang | |||
| Seniorkarriere* | |||
| År | Lag | Kampar | (Mål) |
| 2010–2013 | Kaupanger | ||
| 2014–2019 | Sandviken | 119 | (9) |
| 2019–2020 | Milan | 13 | (1) |
| 2021 | Loddefjord | (0) | |
| 2022– | Arna-Bjørnar | 71 | (1) |
| Landslag | |||
| 2018– | Noreg | 7 | (0) |
|
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 17. november 2024 ‡ Landslagsmål oppdatert 2. juni 2019 | |||
Stine Hovland (fødd 31. januar 1991) er ein norsk fotballspelar frå Vadheim, som spelar for Arna-Bjørnar.
Karriere
[endre | endre wikiteksten]Klubbkarriere
[endre | endre wikiteksten]Hovland spelte for Kaupanger før ho gjekk til Sandviken før 2014-sesongen. I Sandviken vart ho etterkvart utnemnd til kaptein. Ho spelte 5,5 år for Sandviken, før ho gjekk til italienske AC Milan sommaren 2019.[1] Etter éin sesong for AC Milan forlét ho klubben sommaren 2020.[2]
Etter å ha vorte mor for fyrste gong, gjorde Hovland comeback på fotballbana hausten 2021 for Loddefjord i 2. divisjon.[3] I mars 2022 vart det kjent at ho hadde signert for Arna-Bjørnar.[4]
Landslagskarriere
[endre | endre wikiteksten]Hovland hadde aldri spelt ein landskamp, heller ikkje aldersbestemt, før ho som 27-åring vart tatt ut på det norske A-landslaget for fyrste gong i 2018.[5] Ho var i den norske troppen til VM i Frankrike 2019.[6]
Privatliv
[endre | endre wikiteksten]Ho er syster av fotballspelar Even Hovland.[7]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ AS, TV 2 (2019-07-09). «Sandviken-kaptein enig med Milan». TV 2 (på norsk). Henta 2022-03-03.
{{cite web}}: CS1 maint: numeric names: authors list (link) - ↑ Stine Hovland ferdig i Milan fra nrk.no den 9. juli 2020.
- ↑ Larsen, Alexander (2022-02-10). «(+) Familielivet satte karrieren på vent, men nå vil den tidligere Milan-proffen tilbake». Bergensavisen (på norsk). Henta 2022-03-03.
- ↑ «Stine Hovland i Toppserien 2022». Arna-Bjørnar (på norsk bokmål). 2022-03-15. Henta 2022-03-16.
{{cite web}}: Invalid|url-status=yes(hjelp) - ↑ Fotballforbund, Norges. «Hovland: - Har aldri gitt opp». fotball.no - Norges Fotballforbund (på norsk). Henta 2022-03-03.
- ↑ Fotballforbund, Norges. «Her er Norges VM-tropp». fotball.no - Norges Fotballforbund (på norsk). Henta 2022-03-03.
- ↑ Helle, Kristian (2018-11-29). «(+) Storebror og lillesøster klare for cupfinale». Bergensavisen (på norsk). Henta 2022-03-03.
- Denne artikkelen bygger på «Stine Hovland» frå Wikipedia på bokmål, den 3. juli 2025.