Stine Kufaas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Stine Kufaas
Fødd 7. april 1986
Trondheim
Yrke friidrettsutøvar

Stine Kufaas (fødd 7. april 1986) er ein tidlegare norsk friidrettsutøvar frå Buvika i Skaun kommune. Ho vart norsk meister i høgdehopp i 2006 og 2008-10. I 2008 var ho i tillegg med på Trondheim sitt vinnarlag på 1000 m stafett. Dei personlege rekordane i høgdehopp og i høgdehopp utan tilløp er høvesvis 1,93 meter og 1,53 m. Kufaas var medlem av Trondheim friidrett fram til 2008, sidan 2009 var ho med i IL BUL i Oslo.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Kufaas erobra sin fyrste NM-medalje då ho med eit hopp på 1,76 meter vann bronsen under NM i friidrett 2003 i Fredrikstad, jamt med sølvvinnaren, men heile 14 centimeter bak noregsmeisteren Anne Gerd Eieland. Same sesongen sette ho personleg rekord med 1,78 m.

To år seinare forbetra Kufaas sin personlege rekord til 1,81 m under noregsmeisterskapen og ho fekk sitt fyrste NM-sølv, bak gullvinnar Eieland. Året deretter, 2006, vart ho noregsmeister med eit hopp på 1,83 m og slo sølvmedaljevinnar Eieland med to centimeter. Tidlegare i sesongen hadde ho persa til 1,85 m. I juni 2007 forbetra ho den personlege rekorden til 1,86 m under eit stemne i Stjørdalshalsen. Seinare i sesongen bytta Kufaas og Eieland atter ein gong plass på pallen under noregsmeisterskapen i friidrett; Eieland vann NM-gullet med 1,84 m, medan Kufaas stoppa på 1,81 m.

Åra 2008-10 vann Kufaas alle dei tre påfølgjande noregsmeisterskapane. Ho sette personleg rekord med 1,87 m då ho vann NM-gullet i 2008. Under same meisterskapen var ho på Trondheim friidrett sitt vinnarlag på 1000 meter stafett. I 2009 forbetra Kufaas den personlege rekorden til 1,91 m og ho vann høgdetevlinga under B-ligaen for europeiske friiidrettslandslag på Fana stadion. Under NM i friidrett 2009 vann ho gullet med same sluttresultatet som året før; 1,87 m. Ho deltok i VM i friidrett 2009 i Berlin, men likte ikkje underlaget på olympiastadion og stoppa på 1,85 m i kvalifiseringa. I 2010 gjekk ho over 1,93 på Lillehammer og kvalifiserte seg til EM i friidrett 2010 i Barcelona. Ho klarte 1,90 m i kvalfiseringa under europameisterskapen, to centimeter for lågt til å få plass i finalegruppa. Seinare i sesongen vann ho NM 2010 med 1,89 m, same høgda som også sølvvinnaren Øyunn Grindem klarte.

I 2011 var Kufaas plaga med nakkeskade og lukkast ikkje å kome over 1,90 m i noko stemne. Under noregsmeisterskapen i Breim tok ho sølvmedaljen med 1,86 m, same høgda som noregsmeisteren Tonje Angelsen. Ho opna 2012-sesongen med 1,85 m under eit stemne i Los Angeles i USA. Skadeplagene melde seg deretter for fullt og ho valde seint i 2012 å slutte med friidrett.

Medaljar i norske meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • Høgdehopp
    • Gull: 2006, 2008-10
    • Sølv: 2005, 2007 og 2011
    • Bronse: 2003
  • 1000 m stafett
    • Gull: 2008

Personlege rekordar og årsbeste i høgdehopp[endre | endre wikiteksten]

År 2003 2004 2005 2006 2007 2008 2009 2010 2011 2012
Høgde 1,78 1,73 1,81 1,85 1,86 1,87 1,91 1,93 1,89 1,85

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]