Stine Lerdahl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Stine Lerdahl
Fødd 28. september 1960 (60 år)
Yrke friidrettsutøvar

Stine Lerdahl (fødd 28. september 1960) er ein norsk tidlegare friidrettsutøvar frå Rælingen i Akershus. Åra frå 1981 til 1991 vann ho åtte gullmedaljar i noregsmeisterskap kulestøyt. Lerdahl var medlem i IF Minerva.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Gjennom 15 sesongar høyrde Lerdahl med til noregstoppen i kulestøyting. Etter bronse i øvinga både i NM 1978 og 1979, vann ho sin fyrste NM-tittel i 1981. Sidan vart ho noregsmeister fem år i rad; 1983-87 og på ny i 1990 og 1991.

Lerdahl forbetra den personlege rekorden på 14,41 m frå 1978-sesongen til 14,72 m under NM i friidrett 1980. Eitt år seinare flytta ho sitt personbeste med 4 cm då ho i Haugesund vart norsk meister fyrste gongen. 16. april 1982 støytte Lerdahl for fyrste gong over 15 meter ved eit stemne i USA, 15,19 meter. Gjennom 1983-sesongen forbetra ho den personlege rekorden mykje, lengst støytte ho kula på Meisingset i Tingvoll den 23. juli, der ho vart målt til 15,65 m. Sitt livs lengste kulestøyt på 15,77 meter presterte Lerdahl då ho sigra i ei tevling Des Moines i USA 28. april 1984.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]