Stine Oftedal
Stine Oftedal | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 25. september 1991 Oslo |
Idrett | handball |
Yrke | handballspelar |
Stine Bredal Oftedal (fødd 25. september 1991) er ein norsk handballspelar frå Nittedal som sidan 2013 spelar på franske Issy Paris. I perioden 2011-17 var ho med om å vinne to VM-gull og like mange EM-gull, EM-sølv, VM-sølv og OL-bronse med Noregs landslag. Ved utgangen av 2018 har ho delteke i 169 landskampar og skåra 418 mål-
Aktiv[endre | endre wikiteksten]
Oftedal var i yngre år medlem i Nit-Hak Håndballklubb. Sesongen 2007/08 spelte ho på Fjellhammer IL, deretter var ho spelesjef (playmaker) i Stabæk IF i fem år til ho gjekk over til franske Issy Paris sommaren 2013.
Sommaren 2009 var Oftedal med på vinne junior-VM i handball, ein prestasjon ho og Noreg gjentok eitt år seinare. Hausten 2010 fekk ho sin landslagdebut mot Island den 26. november. I desember 2011 deltok ho på det norske laget som vann handball-VM 2011. Også ved handball-EM 2012, der det vart finaletap mot Montenegro etter ekstraomgangar, var ho med i den norske troppen.
Frå og med handball-EM 2014 har Oftedal vore sentral i angrepsspelet til det norske landslaget som midtre rykkrom-spelar, der samspelet med særleg Nora Mørk har vore viktig for norske triumfar ved EM 2014, VM 2015 og EM 2016, og siger i bronsefinalen under Sommar-OL 2016. Sidan handball-VM 2015 har ho vore Noregs i meisterskapsturneringane.
Merittar[endre | endre wikiteksten]
- Handball-VM 2011: Gullmedalje etter 32-24 mot Frankrike
- Handball-EM 2012: Sølvmedalje etter 31-34 mot Montenegro
- Handball-VM 2013: Nr 5 med Noreg
- Handball-EM 2014: Gullmedalje etter 28-25 over Spania
- Handball-VM 2015: Gullmedalje etter 31-23 over Nederland
- Sommar-OL 2016: Bronsemedalje etter 36-26 over Nederland
- Handball-EM 2016: Gullmedalje etter 30-29 mot Nederland
- Handball-VM 2017: Sølvmedalje etter 21-23 mot Frankrike
- Handball-EM 2018: Nr 5 etter 38-29 mot Sverige
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Stine Oftedal» frå Wikipedia på bokmål, den 18. desember 2016.