Stirling Castle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stirling Castle

Kart
Stirling Castle
56°07′26″N 3°56′52″W / 56.123888888889°N 3.9477777777778°W / 56.123888888889; -3.9477777777778

Stirling Castle er eit skotsk slott i Stirling. Det er eit av dei viktigaste slotta i Skottland, både historisk og arkitektonisk. Det stammar frå mellomalderen og ligg på toppen av Castle Hill, ei vulkansk klippe som er ein del av den geologiske formasjonen Stirling Sill. Dei tre steile klippesidene her gjev slottet eit sterkt forsvar. Den strategiske plasseringa betydde at slottet fram til 1890-talet beherska den sørlegaste elvovergangen over Forth. Det var ein viktig festning allereie frå det blei bygt. Dei fleste bygningane på borga stammar frå 1400- og 1500-talet. Det er få bygningar att frå 1300-talet, og dei ytre forsvarsverka mot byen er frå byrjinga av 1700-talet. Fleire skotske kongar og dronningar er blitt krona på Stirling, mellom dei Maria Stuart i 1542. Der har vore minst åtte kringsetjingar av Stirling Castle, dei fleste under dei skotske sjølvstendekrigane. Den siste var i 1746, då Bonnie Prince Charlie uten hell prøvde å overta borga. Stirling Castle er rekna som eit Scheduled Ancient Monument og er no ein stor turistattraksjon som blir driven av Historic Scotland.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Tidleg historie[endre | endre wikiteksten]

Castle Hill er ein del av Stirling Sill, ein ås av kvartsdoleritt som er kring 350 millionar år gammal. Han blei forma av isen til eitt høgdedrag.[1] Det er sannsynleg at denne naturlege høgda blei brukt til ei tidleg bygdeborg, som det ved Gowan Hill like i aust.[2] Romarane gjekk utanom Stirling og bygde ei festning i Doune, men klippetoppen kan ha blitt brukt av maeatae.[3] Seinare kan han ha blitt brukt som tilfluktsstad for Manaw Gododdin, ein kjenner til busetnad der på 600- og 700-talet av iudeu, der kong Penda av Mercia kringsette kong Oswy av Bernicia i 655.[3] Området kom under kontroll av piktarane kontroll etter at Northumbria leid nederlag i slaget ved Dun Nechtain 30 år seinare. Det er ingen arkeologiske bevis for at Castle Hill var folkesett før seinmellomalderen.[4]

Det er knytt fleire legender til Stirling eller "Snowdoun", som er det meir poetiske namnet.[5] Historikaren Hector Boece skreiv i si Historia Gentis Scotorum på 1500-talet at romarane under Agricola konsoliderte Stirling, og at Kenneth MacAlpin, som blir rekna som i den fyrste skotske kongen, kringsette borga i Stirling då han erobra piktarnae sitt kongerike på 800-talet.[6][3] Boece er likevel ikkje nettopp ein truverdig historikar.[6] Ein annaa krønikeskrivar, William Worcester, knytte Stirling til legendariske kongen Arthur sitt hoff. Ifølgje overleveringane skulle Sankt Monenna ha grunnlagt eit kapell her og ha bygd Edinburgh.[7] Legenda om Monenna er i røynda ei samanblanding av dei tidlege kristne av Modwenna og Moninne.[8]

Stirling Castle er fyrst nemnd i skrift kring 1110, då kong Aleksander I innvigde eit kapell her.[9] Det har tilsynelatande vore ein etablert kongeleg stad, ettersom Alexander døydde her i 1124. Under styret til etterfølgjaren hans David I styre blei Stirling ein royal burgh, og slottet blei eit viktig administrativt senter.[9] Kong William I etablerte ein hjortepark sørvest for slottet, men etter at han blei teken til fange av engelskmennene i 1174, blei han nøydd til å overgje fleire slott som Stirling og Edinburgh ved freden i Falaise. Det er ikkje funneteikn på at engelskmennene brukte slottet, og det blei formelt gjeve tilbake til skottane av Rikard I av England i 1189. Stirling heldt fram med å vera ein av dei føretrekte festningane til kongen, og William døydde her i 1214.[10] Seinare skipa Aleksander III den nye parken (kjend som New Park) til jakt i 1260-åra.[11]

Sjølvstendekrigane[endre | endre wikiteksten]

Statue av Robert the Bruce på esplanaden til slottet.

Stirling blei verande eit senter for den kongelege administrasjonen til Aleksander III døydde i 1286. Døden hans utløyste ei arvefølgjekrise, der Edvard I av England blei beden om å mekla mellom dei moglege etterfølgjarane. Edvard reiste nord i 1291 og kravde at Stirling og andre kongelege slott skulle vera under hans kontroll medan meklinga fann stad. Edvard støtta John Balliol, og vona på at han ville bli marionetten hans. Men John nekta å underkasta seg krava til Edvard. I 1296 invaderte Edvard Skotland og innleidde dermed dei skotske sjølvstendekrigane, som kom til å vara i 60 år. Engelskmennene fann Stirling Castle øyde og forlate, og inntok slottet.[12] Eit år seinare blei dei kasta ut att etter at Andrew Moray og William Wallace sigra i slaget ved Stirling Bridge. Mange frå garnisonen blei drepne i slaget, og dei engelske kommandantane sir William FitzWarin og sir Marmaduke Tweng flykta til borgen. Dei byrja raskt å svelta, og overgav seg så til skottane.[13] Neste sommar skifta slottet hender igjen, då det blei forlate av skottane etter den engelske sigeren ved Falkirk. Edvard forsterka borga, men ho blei kringsett i 1299 av skottane, mellom dei Robert Bruce. Kong Edvard klarte ikkje å bryta kringsetjinga, og soldatane på borgen måtte overgje seg.[12]

I 1303 fekk England igjen overtaket, og Stirling var den siste borga på skotske hender. Hæren til Edvard kom fram i april 1304 med minst 17 omleiringsmaskinar.[14] Skottane, som var leia av sir William Oliphant, overgav seg den 20. juli, men Edvard gav nokre av dei ordre om å gå tilbake til slottet, ettersom han ikkje hadde fått prøvd ut den nyaste krigsmaskinen sin, "Warwolf", endå. Warwolf var ein stor blide som øydela porthuset til slottet.[14] Sogerem til Edvard verka vera fullstendig. Han døydde i 1307, og Robert Bruce blei kort tid etter skotsk konge. I 1313 var det berre Stirling, Roxburgh, Edinburgh og Berwick som framleis var på engelske hender. Edvard Bruce, bror til kongen, kringsette Stirling, som var halde av sir Philip Mowbray. Mowbray foreslo ein byttehandel: han overgav slottet om det ikkje fekk unnsetjing innan 24. juni 1314. Bruce godtok forslaget, og trekte seg tilbake.[15] Neste sommar drog den engelske hæren mot nord leia av Edvard II for å redda slottet. 23.–24. juni møtte kong Robert engelskmennene i slaget ved Bannockburn like ved slottet. Dette førte til eit stort engelsk nederlag. Kong Edvard prøvde å søkja tilflukt på borga, men Mowbray var fast bestemt på å halda ordet sitt, og dei engelske styrkane måtte flykta. Mowbray overførte slottet, og skifta samtidig side.[16] Kong Robert gav ordre om at slottet og forsvarsverka kring det skulle øydeleggast, så det ikkje kunne brukast av engelskmennene att.[15]

Krigen var ikkje over. Under den andre skotske sjølvstendekrigen kom Stirling Castle igjen under engelsk kontroll i 1336, då sir Thomas Rokeby blei kommandør. Det blei utført eit stort gjenopbyggingsarbeid, meir i tømmer enn i stein.[17] Andrew Murray prøvde å kringsetja det i 1337, då krutvåpen blei brukt for fyrste gong i Skottland.[17] Robert Stewart (den kommande kong Robert II) generobra Stirling under kringsetjinga 1341–1342. Maurice Murray blei utnemnt til borgherre, og forsterka borga.[18] I 1360 blei Robert de Forsyth guvernør av Stirling Castle. Han vidareførte tittelen til sonen sin John og barnebarnet William, som var guvernør i 1399.[19]

Tidlege Stuartar[endre | endre wikiteksten]

Nordporten på slottet, nette til venstre, er truleg den eldste delen av borga og er delvis datert til 1380-talet.

Dei tidlege Stuart-kongane Robert II (styrte 1371–1390) og Robert III (styrte 1390–1406) oppførte dei eldste verna delane av borga. Robert Stewart, jarl av Menteith og regent av Skotland som bror til Robert III, utførte arbeid på både nord- og sørporten. Den noverande nordporten blei bygd på fundament frå 1380-talet, og er det eldste bevarte steinhoggararbeidet på borga.[20] I 1424 gjekk Stirling Castle som ein del av enkesetet for Jakob I si kone Joan Beaufort. Dette skipa ein tradisjon som dei seinare monarkane fortsette.[21] Etter mordet på Jakob i 1437 søkte Joan tilflukt her saman med sonen sin, den unge Jakob II. 15 år seinare, i 1452, var det på Stirling Castle at Jakob dolka og drap William, VIII jarl av Douglas, då denne nekta å gå med på ein potensielt forræderisk avtale med John av Islay, jarl av Ross og Alexander Lindsay, 4. jarl av Crawford. Jakob III (styrte 1460–1488) var fødd her, og utrbetra parken og det kongelege kapellet. I 1475 er det prov på at det blei laga artilleri på slottet.[22] Kona til Jakob, Margrete av Danmark (1456-1486), døydde på Stirling Castle i 1486. To år seinare døydde Jakob under slaget ved Sauchieburn, som blei utkjempa på nesten same slagsmark som slaget ved Bannockburn, men på sørsida av slottet.

Renessanseslott[endre | endre wikiteksten]

Stort sett alle dei noverande bygningane på slottet blei oppført mellom 1490 og 1600, då Stirling blei kongeleg sentrum i Skottland under Stuart-kongane Jakob IV, Jakob V og Jakob VI. Arkitekturen i desse nye bygningane viser ei blanding av engelsk, fransk og tysk påverknad, og viste dei internasjonale ambisjonane til Stuartdynastiet.[23]

Stirling Castle teikna av John Slezer i 1693. Teikningen visa m.a. festningsverka til Jakob VI, som no er rivne.

Jakob VI, som regjerte 1488–1513, heldt eit fullt renessansehoff (med alkymistar), og prøvde å skapa eit europeisk palass i Stirling.[24] Han gav ordre om å utføra ombyggings- og renoveringsarbeid på dei kongelege slotta i Edinburgh, Falkland og Linlithgow, men det største arbeidet blei gjort på Stirling Castle med King's Old Building, Great Hall og festningsverka.[25] Han renoverte også kapellet (den eine av kyrkjene på borga), og i 1501 fekk han anerkjenning frå paven for å ha skipa college of priests.[26] Det er berre ein svært liten del att av festningsverkar, som var inspirert av fransk militærarkitektur, sjølv om dei militære detaljane i høgare grad blei lagde til for utsjånaden si skuld enn for å styrka forsvaret.[27]

Byggearbeida som blei byrja av Jakob IV var ikkje ferdige då han døydde i slaget ved Flodden. Etterfølgjaren hans Jakob V (styrte 1513–1542) blei krona i det kongelege kapellet, og voks opp på slottet med Lord Erskine som verje. I 1515 leia regent Albany 7000 menn til Stirling for å ta kontrollen over den unge kongen frå mora hans Margaret Tudor.[28] Jakob V fortsette å utvida faren sitt byggeprogram, og skapte Royal Palace midt i slottet. Det blei oppført under sir Jakob Hamilton of Finnart si leiing av steinhoggarar frå Frankrike.[29] Jakob V døydde òg ung, og etterlet arbeidet til enka si, Mary av Guise. Dottera hans, Maria, blei oppfostera på Stirling Castle av tryggleiksgrunnar. Ho blei krona i det kongelege kapellet 9. september 1543. Ho budde på slottet til ho blei sendt til Inchmahome Priory og deretter til Frankrike i 1548. I 1550-åra, under Mary av Guise si regjeringstid, blei det halde engelsk-franske kampar i Skotland. Det blei opprøfrt forsvarsverk med artilleri på sørsida av slottet som danna basis for dei noverande ytre forsvarsverka.[30]

Dronning Maria vende tilbake til Skotland i 1561 og vitja ofte Stirling Castle. Ho passa her Henry Stuart, lord Darnley, medan han låg sjuk på slottet i 1565, og kort tid etter blei dei gifte.[31] Sonen deira, Jakob VI., blei døypt året etter. Feiringa føregjekk med fyrverkeri, eit åtak på ein borgkulisse og eit maskespel av Bastian Pagez.[32] Verja til Jakob, jarlen av Mar, blei guvernør for slottet i 1566.[31] Maria var på veg frå Stirling då ho blei bortført av jarlen af Bothwell. Dette førte til ei rekkje hendingar som ende med at ho blei nøydd til å abdiserar, og flykta til England.

Den unge kongen Jakob blei krona i Church of the Holy Rude i nærleiken, og voks opp på slottet med humanisten George Buchanan som lærar. Kongen blei ofte brukt som ein brikke i spelet om makta mellom regentane hans og dei som støtta Maria, og han blei nidkjært vakta. Stirling blei ein base for støttespelarane til Jakob, medan dei adelege som ønskte å sjå dronning Maria ved makta igjen, samla seg i Edinburgh under William Kirkcaldy of Grange. Grange leidde eit åtak mot Stirling i 1571 i eit forsøk på å fanga fiendane til dronninga, men fekk verken kontroll over slottet eller kongen.[33]

Borgherren på slottet, Alexander Erskine of Gogar, blei kastat ut av regent Mammatonn sine støttespelarar i april 1578, etter at sonen hans blei dødeleg såra under ein kamp ved porten.[34] Rebellane Mar og Angus erobra slottet i 1584, men overgav seg og flykta til England då kongen kom fram med hæren sin. Dei vende tilbake året etter og tvinga kongen til å overgi seg, sjølv om dei svor han truskap.[35]

Den fyrste sonen til Jakob, Henrik, blei fødd på slottet i 1594, og det noverande Chapel Royal blei oppført til dåpen hans 30. august same år. Dette blei truleg bygd av William Schaw, og er ein firkanta bygning i den indre borggarden. Som føregangarane sine hadde Henrik barndommen sin her under 2. jarl av Mar til personalunionen Union of the Crowns blei utropt i 1603, faren hans vart konge i England, og kongefamilien forlet Stirling for å flytta til London.

Stirling Castle i 1900.

Moderne bruk[endre | endre wikiteksten]

Slottshagen framfor Prince's Tower.

Esplanaden eller paradeområda til slottet er blitt brukt til friluftskonsertar av fleire grupper, og nokre av dei har brukt Stirling Castle og det omkringliggande området til DVD-opptak av konsertane sine, som R.E.M., Ocean Colour Scene, Bob Dylan, Wet Wet Wet og Runrig. Esplanaden blir òg brukt til den lokala hogmanay-feiringa. Hovudkvarteret til Argyll and Sutherland Highlanders ligg i King's Old Building.

Slottet er ope for publikum heile året.[36] Stirling Castle er populært for turistar, og ifølge tal frå Association of Leading Visitor Attractions vitja nesten 460.000 folk staden i 2015.[37]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Fawcett, p.14
  2. Fawcett, p.15
  3. 3,0 3,1 3,2 Fawcett, p.16
  4. Gifford & Walker, p.42–43
  5. Stirling blev kaldt "Snowdoun" af William Worcester i 1400-tallet, og navnet blev senere brugt i poesi af bl.a. David Lyndsay og Sir Walter Scott. Scott, Walter (1825). The Lady of the Lake (14th utg.). Archibald Constable & Co. s. 292 og 438. 
  6. 6,0 6,1 Stair-Kerr, p.2–3
  7. Stair-Kerr, p.4
  8. Farmer, David Hugh. «Modwenna». Oxford Dictionary of Saints. Henta 16. februar 2009. 
  9. 9,0 9,1 Fawcett, p.17
  10. Fawcett, p.18
  11. Stair-Kerr, p.16
  12. 12,0 12,1 Fawcett, p.19
  13. Fawcett, p.20
  14. 14,0 14,1 Tabraham, p.49
  15. 15,0 15,1 Fawcett, p.23
  16. Stair-Kerr, pp.31–33
  17. 17,0 17,1 Fawcett, p.24
  18. Anderson, Rev. John (1911). Balfour Paul, Sir Jakob, red. The Scots Peerage 8. Edinburgh: David Douglas. s. 256. 
  19. Jeffries, Jennie Forsyth (1920). A History Of The Forsyth Family. Indianapolis: W. B. Burford. s. 27–29. OCLC 3657003. Arkivert frå originalen 15. september 2010. Henta 30. september 2016. 
  20. Fawcett, p.25
  21. Fawcett, p.26
  22. Fawcett, p.29
  23. Detaljeret studie af paladset i 1540 fra «Historic Scotland / Kirkdale Archaeology». 
  24. Fawcett, p.33
  25. Fawcett, p.35
  26. Fawcett, pp.46–47
  27. Gifford & Walker, p.45
  28. Fawcett, pp.53–54
  29. Fawcett, p.56
  30. Fawcett, pp.65–66
  31. 31,0 31,1 Fawcett, p.68
  32. Lynch, Michael, 'Queen Mary's Triumph: the Baptismal Celebrations at Stirling in 1566,' in Scottish Historical Review, vol.69, 1, no.187 (April 1990), pp.1–21
  33. Fawcett, p.70
  34. Hewitt, George, Scotland under Morton, John Donald (2003), p.57
  35. Fawcett, p.72
  36. Unclaimed catch by dropped.uk
  37. Visits Made in 2015 to Visitor Attractions in Membership with ALVA, ALVA – Association of Leading Visitor Attractions, henta 20. maj 2016 

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Stirling Castle