Stjørdalen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Parti av Stjørdalen mellom Hegra og Meråker.
Foto: Olof Hreiðarsson

Stjørdalen er ein dal i Trøndelag fylke og var frå 1837 eit sjølvstendig formannskapsdistrikt (kommune) i Nord-Trøndelag fylke. Stjørdalen formannskapsdistrikt varte fram til 1850 då distriket vart delt i to: Nedre og Øvre Stjørdal formannskapsdistrikt. Stjørdalen hadde ved delinga 11 643 innbyggjarar.

Dagens Stjørdal kommune består av kommunane som utgjorde Nedre Stjørdal formannskapsdistrikt samt Hegra som på den tida høyrte til Øvre Stjørdal.

Stjørdalselva renn gjennom Stjørdalen, og omfatter Meråker, Hegra, Lånke og Stjørdal. Skatval fell utanfor som ei eiga halvøy. Byen Stjørdalshalsen er regionsenteret i dalen. Frå Lånke går riksveg 705 over Selbuskogen til Neadalen.