Stjepan Mesić

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stjepan Mesić

Statsborgarskap Den sosialistiske føderale republikken Jugoslavia, Kroatia
Fødd 24. desember 1934 (89 år)
Orahovica
Yrke politikar, politisk kommissær, advokat
Språk kroatisk
Verv President i Jugoslavia
Periode 1991-1991
Føregangar Borisav Jović
Verv President i Kroatia
Periode 2000-2010
Føregangar Franjo Tudjman
Etterfylgjar Ivo Josipović
Politisk parti ingen verdi, Croatian Independent Democrats
Stjepan Mesić på Commons

Stjepan «Stipe» Mesić (fødd 24. desember 1934 i Orahovica i Slavonia) er ein kroatisk politikar. Han var president i Kroatia frå 2000 til 2010, og har òg vore statsminister i Kroatia og president i Jugoslavia.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Mesić vart fødd i den vesle byen Orahovica, som i dag ligg i Kroatia men som då var del av kongedømmet Jugoslavia. Han fullførte juridisk utdanning ved universitetet i Zagreb. Han vart advokat og jobba i Orahovica og Našice. Etter å ha fullført verneplikta vart han dommar. Han gifta seg med Milka Dudunić og dei fekk to døtrer. I 1967 vart han ordførar i Orahovica og medlem av parlamentet i den jugoslaviske delrepublikken Kroatia.

Som ordførar prøvde Mesić å få bygd ein privat fabrikk i byen, men dette vart stoppa av Tito sitt kommunistiske regime som eit forsøk på å snikinnføra kapitalisme, som då var forbode. Frå 1967 av oppstod ei nasjonal reformrørsle i Kroatia, seinare kjent som «den kroatiske våren». Mesić støtta tidleg på 1970-talet krava om større økonomisk, politisk og kulturell likskap for Kroatia innad i Jugoslavia. Denne rørsla vart til slutt slått ned på av Tito sitt regime, som såg krava som farlege uttrykk for kroatisk nasjonalisme. Mesić var ein av mange som vart arrestert og måtte til slutt sona eitt år i fengsel, i 1975. Deretter forsvann han frå politikken.

Kroatisk leiar[endre | endre wikiteksten]

I 1990 vart det for første gong heldt frie parlamentsval i Kroatia. Mesić vart vald inn i parlamentet for det nasjonalistiske partiet den Kroatiske Demokratiske Unionen (Hrvatska Demokratska Zajednica - HDZ), som under leiing av Franjo Tudjman vann regjeringsmakta i Kroatia. Mesić vart generalsekretær i HDZ og statsminister i Kroatia frå mai til august 1990. Han vart så Kroatia sin representant i Jugoslavia sitt kollektive presidentskap. På denne tida rullerte formannskapet i presidentskapet - som tilsvarte stillinga som jugoslavisk president - mellom delrepublikkane for eit år om gongen. I mai 1991 var det Kroatia sin tur til å overta, men det som før hadde vore ei automatisk rullering av presidentposten vart denne gongen blokkert av Serbia. På denne tida hadde allereie dei første valdelege samanstøytane som snart skulle føra til krig i Kroatia funne stad. Etter mekling frå den europeiske unionen gjekk Serbia til slutt med på å la Mesić overta som president, 1. juli 1991. Då hadde Slovenia og Kroatia alt erklært sjølvstende, men gjekk med på å frysa sjølvstendeerklæringane i tre månader. Då desse tre månadane gjekk ut returnerte Mesić til Kroatia. Han vart dermed den siste presidenten i det gamle Jugoslavia. I 1992 vart han president i den kroatiske nasjonalforsamlinga. I 1994 forlét Mesić HDZ etter mellom anna å ha skulda president Tudjman for å samarbeida med den serbiske leiaren Slobodan Milošević om å dela opp Bosnia-Hercegovina. Han grunnla eit nytt parti, Kroatiske Uavhengige Demokratar (Hrvatski Nezavisni Demokrati - HND), som i 1997 slo seg saman med det Kroatiske Folkepartiet (Hrvatska narodna stranka - HNS).

24. januar og 7. februar 2000 vart han vald til president i Kroatia, med 41,1 % av røystene i første valomgang og 56,0 % i andre. Etter dette meldte han seg ut av HNS. Mesić kritiserte det gamle regimet til Franjo Tudjman for å ha vore nasjonalistisk og autoritært. Mesić avsette fleire leiande generalar frå hæren og innleia dialog med leiarskapet i Serbia og Montenegro. Etter endringar i grunnlova i september 2000 mista presidenten mykje av makta si i innanrikspolitikken, som i staden gjekk over til statsminister og regjering. Mesić sin utanrikspolitikk har vore retta mot å oppnå kroatisk medlemskap i EU og NATO. Han har vitna i det internasjonale krigsforbrytartribunalet for det tidlegare Jugoslavia i saker som gjaldt den kroatiske hæren si rolle i krigsbrotsverk i Bosnia-Hercegovina, noko som har gjort han svært upopulær blant kroatiske nasjonalistar. Han gjekk mot USA sin krig i Irak. I valet i januar 2005 vart han gjenvald som president med 48,9 % og 65,9 % av røystene i dei to valomgangane. Presidentperioden hans varer til 2010.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]