Stjernebiletet Kefeus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kefeus
Kefeus
Kefeus
Latinsk namn Cepheus
Forkorting Cep
Genitivsform Cephei
Symbologi Kong Kefeus
Rektasensjon 22 h
Deklinasjon +70°
Areal 588 kvadratgrader
nr. 27 av stjernebilda
Stjerner sterkare
enn mag. 3
1
Sterkaste stjerne Alderamin (α Cep) (2,44. mag.)
Meteorsvermar

Ingen

Tilgrensande
stjernebilde
Synleg mellom breiddegradane +90° og −10°

Kefeus (frå latin Cepheus) er eit stjernebilde på den nordlege himmelhalvkula. Det er namnsett etter kong Kefeus av Aethiopia i gresk mytologi. Det var eit av dei 48 stjernebileta oppførte av astronomen Klaudios Ptolemaios på 100-tlaet og er i dag eit av dei 88 moderne stjernebileta. Den mest lyssterke stjerna er Alfa Cephei med ein tilsynelatande storleik på 3,5. Delta Cephei er prototypen på ein viktig klasse stjerner kalla ein kefeide. Mu Cephei og VV Cephei er raude superkjemper og av dei største stjernene som finst.

Kjende objekt[endre | endre wikiteksten]

Stjernebiletet Kefeus slik det er for det nakne auga.

Stjerner[endre | endre wikiteksten]

Alfa Cephei, tradisjonelt kalla Alderamin, er ei kvit stjerne med storleiksklasse 2,5, 49 lysår frå jorda. Beta Cephei, tradisjonelt kalla Alfirk, er ei dobbeltstjerne med ei blå kjempe med storleiksklasse 3,2 og ei sekundærstjerne med storleiksklasse 7,9. Primærstjerna er ei variabel stjerne som vert rekna som prototypen av ei underklassen av variable stjerner, som stundom vert kalla Beta Canis Majoris. Beta Cephei-variable varierer ikkje mykje i storleiksklasse, og har heller ikkje perioder lengre enn eit par timar. Beta Cephei i seg sjølv varierer 0,1 storleiksklassar kvar 4,6 timar. Gamma Cephei, tradisjonelt kalla Errai, er ei oransje stjerne med storleiksklasse 3,2, 45 lysår frå jorda. Ho har ei optisk dobbeltstjerne kring 50 lysår frå jorda. Systemet består av ei oransje subkjempe og ein raud dverg. På grunn av presesjonen av ekvinoks, vil γ Cephei bli polstjerna mellom år 3000 og 5200, og vil være nærast polen kring år 4000. Den primære stjerna har ein planet.[treng kjelde]

Delta Cephei er prototypen på ein kefeide, ei gul superkjempestjerne 980 lysår frå jorda. Ho avart oppdaga å vere variabel av John Goodricke i 1784. Ho varierer med 3.5m og 4,4m over ein periode på 5 dagar og 9 timar. Kefeidane er ein klasse pulserande variable stjerner. Delta Cephei har ein minste storleik på 40 soldiametrar og ein største storleik på 46 soldiametrar. Ho er òg ei dobbeltstjerne. Den gule stjerna har ei blåfarge kompanjong med storleiksklasse 6.3.[1]

Det finst fleire andre markante variable stjerner i Kefeus. Ei av dei, μ Cephei, vert òg kalla Granatstjerna på grunn av den djupe raudfargen. Ho er ei halvregulær variabel stjerne med ein minste storleiksklasse på 5,1 og ein største storleiksklasse på 3,4. Perioden er kring to år.[1] Stjerna er kring 11,8 AU i radius. Om ho vart plassert i midten av solsystemet, ville ho ha strekt seg ut til banen til Saturn. Ei anna stjerne VV Cephei, som My Cephei, er ei raud superkjempe og ei halvregulær variabel stjerne, minst 2000 lysår frå jorda. Ho has ein minste storleiksklasse på 5,4 og ein største storleiksklasse på 4,8. Ho er ei av dei største stjernene i galaksen med ein diameter på over 1000 soler. VV Cephei har òg ei uvanleg langperiodisk formørkande dobbeltstjerne, men formørkinga, som skjer kvart 20,3 år, er for lyssvak til at ein kan sjå det med det nakne auga. T Cephei er òg ei raud kjempe og er ein Mira-variabel med ein minste storleiksklasse på 11,3 og ein største storleiksklasse på 5,2, 685 lysår frå jorda. Ho has ein periode på 13 månad og ein diameter 500 soler.[1]

Det er fleire prominent dobbeltstjerner og optisk dobbeltstjerner i Kefeus. Omicron Cephei er ei dobbeltstjerne med ein periode på 800 år. Systemet ligg 211 lysår frå jorda, og består av ei oransje kjempe med storleiksklasse 4,9 og ei sekundærstjerne med storleiksklasse 7,1. Xi Cephei er ei anna dobbeltstjerne, 102 lysår frå jorda, med ein periode på 4000 år. Ho har ei blåkvit primærstjerne med storleiksklasse 4,4 og ei gul sekundærstjerne med storleiksklasse 6,5.[1]

Kruger 60 er ei dobbeltstjerne med storleiksklasse 11 og består av to raude dvergar. Stjernesystemet er eit av dei som ligg nærast jorda, berre 13 lysår unna.

Djupromsobjekt[endre | endre wikiteksten]

NGC 7354 er ei planetarisk tåke i stjernebiletet Kefeus.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Ridpath & Tirion 2001, s. 112-113.
  2. «Smoky Shells». ESA/Hubble Picture of the Week. Henta 13 desember 2012. 
  3. Levy 2005, s. 107.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Stjernebiletet Kefeus

Koordinatar: Sky map 22h 00m 00s, +70° 00′ 00″